• Skip to primary navigation
  • Skip to main content
  • Skip to primary sidebar
  • Skip to footer

Hadeland dialekt- og mållag

  • Heim
  • Styret
  • A.O. Vinje i media
  • Dokumentarkiv
  • Kontakt oss
  • Meld deg inn!
  • Personvern

17. mai 2020 og andre arrangement

13. mai 2020 av Grethe Bøe

17. mai 2020

Det er fleire som spør om det vil skje noko ved Vinjes grav 17. mai. Vi har jo avlyst den tradisjonelle minnestunda, og Åsulv Edland kjem diverre ikkje denne 17. mai heller. Han vart jo forhindra av sjukdom i fjor. Leiar i Hadeland dialekt- og mållag kjem til å legge på krans til vanleg oppmøtetid på morgonkvisten. Men vi kallar det ikkje «arrangement», for då må vi som arrangør føre liste over kven som er til stades og står nær kvarandre i minst 15 min – eller ta påmelding og ha folk til å telle til 50 og avvise om vi skulle bli fleire.  Vi gjer det enkelt.

 

Terje Johanssen-dagene, en litteraturfestival på Hadeland

5. og 6. juni er avlyst.

 

30. juli 2020: Markering av at det er 150 år sidan A.O. Vinje døydde

Prosjektleiar for det avlyste seminaret, Torill Nedberge Klevmark, jobbar no med å få til ei markering i media med innslag om Vinje.

Kl. 18.00 ved minnestøtta vil Gunvor Raastad og Kari Røken Alm legge på krans og lese dikt av Vinje.

Filed Under: Nyhende Tagged With: 150 år sidan Vinje døydde, 17. mai, Terje Johanssen-dagene

Primary Sidebar

feb 16
19:00 - 21:00

Årsmøte

Sjå kalendar

Facebook

Facebook Pagelike Widget

Footer

Ordbøker

  • Lexin-ordbøkene
  • Ordbøker: bokmål og nynorsk
  • Språkrådet si bokmål -> nynorsk ordliste

Om oss

Hadeland dialekt- og mållag
v/leiar Reidun Ramse Sørensen
Haugsbakklia 12
2770 JAREN

Telefon 922 98 745
Send ein epost

© 2021 Hadeland dialekt- og mållag · Org. nr. 916 301 109