• Skip to primary navigation
  • Skip to main content
  • Skip to primary sidebar
  • Skip to footer

Hadeland dialekt- og mållag

  • Heim
  • Styret
  • A.O. Vinje i media
  • Dokumentarkiv
  • Kontakt oss
  • Meld deg inn!
  • Personvern

Grethe Bøe

Hadeland dialekt- og mållag summerer opp fjoråret 2021

30. mars 2022 av Grethe Bøe

Minnemarkering 30. juli 2021. Foto: Åge Lindahl

Koronapandemien gjorde all planlegging av arrangement svært usikker, men både minnehøgtidene og «Terje Johanssen-dagene, en litteraturfestival på Hadeland» vart gjennomført som planlagt. Det mest merkbare var at strenge smitteverntiltak halverte talet på innandørs publikum.

AASMUND OLAVSSON VINJE

Kvar morgon 17. mai inviterer vi til minnemarkering ved bautasteinen over Aasmund Olavsson Vinje, i godt samarbeid med kyrkja i Gran. I fjor heldt Åsulv Edland minnetalen. Han var blitt pensjonist og ville gjerne fortelje om den historiske Storegut, han som vaks opp som den eldste i ein syskenflokk på ti. Eldstemann fekk to yngre brør som også fekk namnet Olav. Slik vart den eldste heitande Storegut og dei to yngre Mellom-Olav og Lisl’-Olav. Vinje let far deira, Olav Olavsson Æddand (i normalisert form Edland), bli forteljaren i diktverket sitt om Storegut. Åsulv Edland vaks opp på nabogarden i grenda Edland i Vinje og kjende godt til kjempekaren Storegut som vart rollefigurar for Aasmund Olavsson Vinje sitt store diktverk. Dette var tredje året Edland førebudde seg på å halde minnetalen, og endeleg fekk vi det til. Tilhøyrarane heldt god avstand til kvarandre, men vi sakna Mannskoret KK som ikkje hadde fått lov til å synge pga smittefare.

Den andre, årvisse minnemarkeringa vår er Vinje sin dødsdag 30. juli. I fjor var det flott sol og mange tilhøyrarar samla seg på kyrkjebakken for å heidre Vinje saman med Gunvor Raastad og Kari Røken Alm frå mållaget. (Biletet)

«TERJE JOHANSSEN-DAGENE»

Heldigvis kunne styringsgruppa gjennomføre festivalen 4. og 5. juni 2021, med streng regi på smittevern. Fredag inviterte vi til forfattarmøte med Tove Nilsen og Edvard Hoem, som fortalde og las frå sine siste bøker «Den eneste broren» og «Felemakaren». Vår eigen Sigve Lieberg Stieng framførde så nydeleg på fele, nettopp dei tre musikkstykka Hoem hadde nemnd i boka si, og det viste Hoem å sette pris på. Gran bibliotek var fullt, med 50 av 50 mogelege tilhøyrarar.

Laurdag møtte 24 sportskledde til poesivandring opp Langgutua med innlagt diktlesing av Leif Harald Høghaug, Martha Kjørven og Joanna Radkowska. I Tingelstad gamle kyrkje Sct. Petri, fekk vi høyre Håkon Kornstad på saksofon og diktlesing av Kjørven og Radkowska. Fullt hus der óg, med publikum på 30, som var det maksimale vi kunne sleppe inn.

Tusen takk til Sparebankstiftelsen Gran, Norsk kulturråd og Gran kommune som gjorde det mogeleg å gjennomføre festivalen.

Styringsgruppa er sett saman av Arnfinn Nilsen, Ellinor Kolstad, Audun Vinger, Bitten Nesbakken og Reidun Sørensen.

BOK OM HADELANDSDIALEKTA: Mållaget har ein redaksjonskomité som arbeider med bok om hadelandsdialekta basert på Bjørn Liaklev si samling av dialektord og uttrykk. Komitéen gjorde eit ærleg forsøk på å få boka ferdig til jolesalet i fjor, men arbeidet er svært omfattande. I mai innsåg vi at vi måtte utsette bokpresentasjonen til jolesalet i 2022. Vi har fått lovnad om gåver frå Sparebankstiftelsen Gran og Sparebankstiftelsen JLN. Men boka blir tjukk. Det er mykje godt stoff som skal inn, i tillegg til ordlistene. Hadelendingane har all grunn til å vere stolte av dialekta si.

Redaktør for boka er lingvist og språkprofessor Rolf Theil, som har dokumentert fleire afrikanske språk på same måte som Ivar Aasen gjorde då han traska rundt i landet, samla inn og skreiv ned landsmålet på 1800-talet. Rolf kan om lag 50 språk. Den siste boka hans kom ut 18. februar 2022. Det er ei ABC-bok på Romani shib (romanes), språket til dei norske romane (sigøynarane). Med seg i redaksjonskomitéen for boka vår har han lektor og dialektekspert Bjørn Liaklev, datakonsulent Grethe Bøe og Reidun R. Sørensen frå styret.

Elles har språkklubben vår gitt klassesett av antologien «Vegar ut til alle kantar» i gåve til Brandbu u-skole og Hadeland vgs. Desse bøkene håper vi vil gje elevane gode leseopplevingar.

ÅRSMØTA var digitale både i fjor og i år. I fjor fekk vi høyre innleiing av leiar i Noregs Mållag, Peder Lofhus Hauge. I år var vi så heldige å få Stein Buan til å kåsere og synge for oss, men sidan vi måtte flytte årsmøtet frå eit fysisk møte på Hjertebo til skjerm, vil vi få høyre Stein sitt kåseri til hausten i staden. Stein er dessutan ein av hadelendingane som har skrive ei lita historie til dialektboka vår på talemålet sitt.

STYRET har hatt seks styremøte (to fysiske) i 2021. Laget har FB-side Hadeland dialekt- og mållag og ei nettside der vi har lenker til FB-sida og eit dokumentarkiv for spesielt interesserte. I fjor hadde vi 44 medlemmer, to færre enn i 2020.

Det nye styret ser slik ut: Leiar og skrivar Reidun R. Sørensen, nestleiar Vemund Viken, styremedlemmer Torill Nedberge Klevmark, Inger Marie Højfeldt og Grethe Bøe (ny). Varafolk Jan Reidem (ny) og Anne Berit Rækken (ny). Rekneskapet blir fortsatt ført av Einar Raastad. Kontrollør Arnfinn Nilsen (ny). Valkomité Kari Røken Alm og Vemund Viken (ny).

STYRET har hatt seks styremøte (to fysiske) i 2021. Laget har FB-side Hadeland dialekt- og mållag og ei nettside der vi har lenker til FB-sida og eit dokumentarkiv for spesielt interesserte. I fjor hadde vi 44 medlemmer, to færre enn i 2020.

Det nye styret ser slik ut: Leiar og skrivar Reidun R. Sørensen, nestleiar Vemund Viken, styremedlemmer Torill Nedberge Klevmark, Inger Marie Højfeldt og Grethe Bøe (ny). Varafolk Jan Reidem (ny) og Anne Berit Rækken (ny). Rekneskapet blir fortsatt ført av Einar Raastad. Kontrollør Arnfinn Nilsen (ny). Valkomité Kari Røken Alm og Vemund Viken (ny).

STYRET har hatt seks styremøte (to fysiske) i 2021. Laget har FB-side Hadeland dialekt- og mållag og ei nettside der vi har lenker til FB-sida og eit dokumentarkiv for spesielt interesserte. I fjor hadde vi 44 medlemmer, to færre enn i 2020.

Det nye styret ser slik ut: Leiar og skrivar Reidun R. Sørensen, nestleiar Vemund Viken, styremedlemmer Torill Nedberge Klevmark, Inger Marie Højfeldt og Grethe Bøe (ny). Varafolk Jan Reidem (ny) og Anne Berit Rækken (ny). Rekneskapet blir fortsatt ført av Einar Raastad. Kontrollør Arnfinn Nilsen (ny). Valkomité Kari Røken Alm og Vemund Viken (ny).

Tekst: Reidun Ramse Sørensen

Lagra under:Anna nytt Merka med:2021, aktivitetar, oppsummering

Dialektboka – arbeidet skrir fram

30. mars 2022 av Grethe Bøe

Arbeidet med dialektboka for Hadeland skrir fram! Prosjektleiar Rolf Theil har jobba lenge med bokstaven S, den mest omfangsrike i samlinga. S-en delte vi opp i tre delar då vi fordelte registreringa av ord og uttrykk frå kartotekkorta i Bjørn Liaklev si samling i fjor.


No har Grethe Bøe laga tekstfil av reknearket Jan Reidem m.fl. starta å arbeide med.
Hald deg fast: S-en har heile 642 oppslagsord som Bjørn Liaklev får til korrektur. Ein bokstav dekker 70 A4-sider i den eine ordlista. Så skal vi ha omvendt ordliste….. Kor tjukk blir denne boka?

Foto: Reidun Ramse Sørensen

Lagra under:Nyhende Merka med:dialektbok for Hadeland

Litteraturfestival 4 – 5. juni 2021

17. oktober 2021 av Grethe Bøe

Her kjem eitt knippe bilete frå «Terje Johanssen-dagene – en litteraturfestival på Hadeland» som vart arrangert i juni 2021. Du kan klikke på bileta for å sjå dei i full storleik.

  • «Terje Johanssen-dagene, en litteraturfestival på Hadeland» samlar 50, fullt hus. Foto: Sørensen
  • Edvard Hoem fortel og les frå «Felemakaren». Foto: Inger Lise Stieng
  • Tove Nilsen les frå «Den eneste broren». Foto: Inger Lise Stieng
  • Konferansier er Arnfinn Nilsen, og Bitten Nesbakken har sørga for å servere biteti. Foto: Reidun Sørensen
  • Poesivandringa startar med dikt av Leif Harald Høghaug. Foto: R. Sørensen
  • Martha Kjørven les dikt av Terje Johanssen. Foto: Inger Lise Stieng
  • Joanna Radkowska les eigne dikt. Foto: Inger Lise Stieng
  • Poesi- og jazzkonsert med 30 tilhøyrarar, fullt hus. Foto: R. Sørensen
  • Konferansier laurdag er Audun Vinger. Foto: Inger Lise Stieng
  • Martha Kjørven les frå «Sct. Petri». Foto: Inger Lise Stieng
  • Joanna Radkowska les eigne dikt. Foto: Inger Lise Stieng
  • Saksofionist Håkon Kornstad. Foto: Inger Lise Stieng
  • Operasongar Håkon Kornstad. Foto: Inger Lise Stieng
Sigve Lieberg Stieng spelar «I ensomme stunde» av Ole Bull, som Hoem nemner i «Felemakaren». Video: Inger Lise Stieng

Lagra under:Nyhende Merka med:Terje Johanssen-dagene

I jøtt godt gjenge!

28. februar 2021 av Grethe Bøe

Hadeland dialekt- og mållag vil gje ut bok om hadelandsdialekta i år. Vi baserer ordboka vår på Bjørn Liaklev sitt arkiv over ord og uttrykk. Som mange kjenner til, var han den sjølvsagte vinnar av den aller første «Dialektprisen for Hadeland».

Bjørn Liaklev får Dialektprisen 17. mai 2007. Foto: Sissel Skjervum Bjerkehagen, Hadeland


Det var stor stas då leiar Ole Gunnar Monsen gav diplomen til lektor Bjørn Liaklev under frukosten på Granavolden Gjæstgiveri 17. mai 2007, sjå bilete.

To journalistar frå avisa Hadeland dekka hendinga og skreiv ein fyldig artikkel i lokalavisa vår.

Skal digitalisere

Liaklev har gjennom eit langt liv samla om lag 3000 kartotekkort som vi scanna før jul. No er 13 frivillige «jøtt» godt i gang med å dokumentere samlinga hans. I desse koronatider har vi ei meiningsfylt oppgåve vi kan utføre heimanfrå. Det er eit nitidig arbeid og meir arbeidssamt enn dei fleste av oss såg føre oss. For i tillegg til å gje ut boka, vil redaksjonskomitéen legge til rette for seinare digitalisering av samlinga. Då kan språkforskarar, studentar og kven som helst søke på ord i den elektroniske ordlista vi lagar. Då vil vi kunne søke både på dialektordet og på eit tydingsord andre vegen, dersom ein vil vite om eit nynorsk- eller bokmålsord har eit tilsvarande ord i hadelandsdialekta. Vi skal ha med korrekt IPA-lydskrift, slik at forskarar og studentar kan lese seg til korleis dialektorda våre bli uttala.

Rolf Theil er leiar for prosjektet. Han er professor emeritus frå Universitetet i Oslo, språkforskar og busett på Jevnaker. Han har mange jern i elden men rydda plass i kalenderen for å hjelpe lokallaget sitt med å få realisert bokprosjektet vårt. Denne gongen er det ikkje romani eller eit afrikansk stammespråk han skal sette i system – det er vår lokale dialekt. Det hadde ikkje blitt bok utan Rolf. Med seg i redaksjonskomitéen har han Bjørn Liaklev, Grethe Bøe og Reidun R. Sørensen som er styrets forlenga arm inn i prosjektet. Vemund Viken, Torill Nedberge Klevmark og Einar Raastad i styret heiar på oss alle saman!

Rolf Theil les korrektur heime på Jevnaker. Foto: Eli Margrethe Theil

Dialekt er identitet

Dialektene våre er levande, immaterielle kulturminne og er ein viktig del av identiteten vår. Så lenge hadelendingen er stolt av dialekta vår, talar hadelandsmål til dagleg og lærer det bort til dei yngre, vil dialekta leve vidare. Skjer ikkje det, vil dialekta vår døy og bli eit daudt, immaterielt kulturminne. Har du tenkt over det?

Redaksjonskomitéen håper at boka vår vil få fleire hadelendingar til å bli stolte av dialekta si. Vi høyrer kor stolte folk frå Ringsaker og Toten er av talemålet sitt. På same måte har hadelendingen all grunn til å vere stolt av målet sitt. Vi håper boka vil vekke ny interesse for vår lokale dialekt, skape diskusjon om kva som er «rett» uttale og inspirere hadelendingen til å ta i bruk ord som kanskje er på veg ut. Vi har trua!

Vi har fått gode råd frå Terje Randen i lokalavisa Fjuken, som i samarbeid med lokale historielag og mållag i november 2020 gav ut Målet i Lom og Skjåk i andre utgåve, no supplert med 1500 «nye» ord og uttrykk og finansiert ved hjelp av Sparebank 1 Lom og Skjåk.

Mange bidrag

Innhaldet røpar vi litt av: I tillegg til ordlista vil vi få forskaren si analyse av hadelandsdialekta. For å spegle at språkutviklinga har ført til stor variasjon mellom bygdene, har vi invitert eit utval skrivekyndige hadelendingar til å skrive eit bidrag til boka på talemålet sitt. Gunvor Raastad seier at vi før i tida kunne høyre om samtalepartnaren kom frå Tingelstad eller frå Bleiken, og vi høyrde stor forskjell på folk frå Harestua og Bjoneroa! Så kom tida då «vi la ifrå oss dialekta på toget» som Solveig Heggen frå Jaren, så treffande uttrykker det. Knoting har vel dei fleste av oss vore nøydde til i ein periode. I boka vil vi kunne lese eksempel på korleis bymålet har påverka talemålet.

Får vi det til, vil vi intervjue elevar ved Brandbu barneskole, som i fjor forska på bruken av hadelandsdialekta. Funnet desse elevane gjorde i intervjua sine, var nedslåande. Mellom anna fann elevane at færre yngre enn eldre i utvalet dei intervjua, brukar konkrete dialektord til dagleg. Men elevane skal ha ros for interessa og for prosjektet. Du kan lese artikkelen i avisa Hadeland her (krev abonnement).

Det er så inspirerande å arbeide saman med dei frivillige vi er så heldige å ha med på laget! Eg let Anne Lise Jorstad representere innsatsviljen hos alle saman: Ho skriv mellom anna: «Jeg nærmer meg, raskt, slutten på min bokstav, nå. Det er morsomt. Jeg fortsetter gjerne med ytterligere registrering.»

Tekst av Reidun Ramse Sørensen, leiar for Hadeland dialekt- og mållag. På trykk i Avisa Hadeland den 02.02.2021.

Lagra under:Nyhende Merka med:Bjørn Liaklev, dialektordbok, ordbok, Rolf Theil

Kva hende på Granavollen 30. juli 1870?

6. juli 2020 av Grethe Bøe

30. juli i sommar er det 150 år sidan Aasmund Olavsson Vinje døydde

Biletet er frå 200-årsjubileet i 2018 og viser Amund Bø som Aasmund O. Vinje, på veg til Granavollen i juli 1870. Foto: Reidun Sørensen

Arven

Vinje lot etter seg ein rik kulturarv. Mest kjend er han vel som diktar, men han var óg ein banebrytande journalist og redaktør, målmann og ivrig samfunnsdebattant. Me kan heller ikkje gløyme at han var pådrivar til stiftinga av DnT og ein nasjonsbyggar i ei opprivande tid for landet vårt på midten av 1800-talet.

På Granavollen har me heidra Vinje kvar 17. mai frå 1964, då lærar Jon Løyland inviterte Telelaget opp frå Oslo. Telelaget stilte med talar og fane, og skuleborna stilte med norske flagg. I sommar vil Hadeland dialekt- og mållag markere at det er 150 år sidan Vinje gjekk ut av tida. Det gjer me på to måtar.

Fysisk markering

For det første inviterar me til ei fysisk oppleving på Granavollen i samarbeid med kyrkja, på Vinjes dødsdag 30. juli: Mållagets Gunvor Raastad les dikt og legg på krans frå kommunane Vinje og Gran. Så følgjer kyrkja opp med to konsertar: Kantor Marit Wesenberg og sopran Kristin Bjerkerud vil framføre songar av Aasmund O. Vinje som Grieg har sett melodi til, i Nikolaikirken. Det vert to konsertar etter kvarandre fordi me, på grunn av fare for koronasmitte, må ha «meteren» mellom oss frå skulder til skulder.

Mediemarkering

For det andre vil me markere Vinje i media. Difor har me kontakta nokre aviser for å tilby eit eksklusivt innslag om Vinje, skrive av ein foredragshaldar frå seminaret «Vinje i ei ny tid» i april, som me måtte avlyse. Målet med mediemarkeringa er å løfte fram litt av arven etter Vinje og vise at me hadelendingar er stolte av han. I samtalar med forfattarar og redaktørar har vi fått høyre mange artige historier. Eivind Blikstad har skrive bok om Vinje som kom ut i 2018. Han fortel at for å kunne stemme ved val måtte ein ha borgarbrev, og for å få borgarbrev måtte ein eige fast eigedom. Den unge læraren i Mandal fekk kjøpt seg ein holme i Skogsfjorden. Med den fekk han det viktige brevet ved personleg oppmøte i Kristansand, men historia om Vinje sitt borgarbrev slutta ikkje der. På folkemunne vart det sagt at holmen var så liten at sjøen fløymde over han ved flo sjø. Vinje hadde difor berre stemmerett ved fjære sjø.

Solbjørg Kvålshaugen driv turisthytta Fondsbu og viser tilreisande rundt på Eidsbugarden.  Dessutan elskar ho å diskutere politikk, og på FB-sida si seier ho si ærlege meining om mangt og mykje. Ho skreiv ein gong at ho elskar ein god debatt – akkurat som A.O. Vinje gjorde. Ho har funne ein sjeleven i vår felles Vinje.

Kom til sin gode ven

Berre 52 år gammel og dødssjuk, hadde Vinje reist i fleire dagar for å nå fram til sin gode ven kapellan Anton Chr. Bang på Presteenkesetet Sjo. Olav Vesaas skriv at Vinje kom med denne viljeserklæringa i samtalane sine med Bang: «Hvis han døde paa Hadeland, vilde han blive begraven paa Grans Kirkegaar, ikke i Kristiania; thi han likte ikke Kirkegaarden derinde». Bang såg til at venen fekk viljen sin og gav Vinje ein heidersplass på kyrkjegarden vår. I dag stoppar mange besøkande opp ved dette kulturminnet og får høyre Kari Røken Alm fortelje kvifor mannen med tvisynet er gravlagd her hos oss.

Kjem du over ein kronikk eller artikkel om Vinje i sommar, kan det hende at det er Hadeland dialekt- og mållag som står bak. Vår erfaring er at A.O. Vinje diverre ikkje er så godt kjend som gode Vinje-kjennarar likar å tru. Håpet er at det som kjem ut i media blir lærerikt og verdt å lese for dei fleste av oss.

Eg avsluttar med eit vers frå songen Ivar Aasen skreiv til avdukinga av bysta av Brynjulf Bergslien i 1873, eit sitat frå boka Ein tankens hærmann av Olav Vesaas:

Det kom ein Gut or Vinje-Grend,
Til større Ljos han traadde;
Han vardt i Landet vida kjend,
Og vidt hans Tale naadde.
For alt sitt Tykkje kunde han
i Song og Segner greida,
og all den Gledskap, som han fann,
han um seg vilde breida.

 

Reidun Ramse Sørensen
Hadeland dialekt- og mållag, leiar

Lagra under:Nyhende Merka med:150 år sidan Vinje døydde

  • Go to page 1
  • Go to page 2
  • Go to page 3
  • Go to page 4
  • Go to Next Page »

Primary Sidebar

Komande hendingar

  1. Litteratur- og forfattermøte på Folkvang

    juni 3 @ 19:00 - 21:00
  2. Poesivandring opp Langgutua

    juni 4 @ 11:00 - 12:30
  3. Poesikonsert

    juni 4 @ 13:00 - 14:00

Sjå alle Hendingar

Facebook

Facebook Pagelike Widget

Footer

Ordbøker

  • Lexin-ordbøkene
  • Ordbøker: bokmål og nynorsk
  • Språkrådet si bokmål -> nynorsk ordliste

Om oss

Hadeland dialekt- og mållag
v/leiar Reidun Ramse Sørensen
Haugsbakklia 12
2770 JAREN

Telefon 922 98 745
Send ein epost

© 2021 Hadeland dialekt- og mållag · Org. nr. 916 301 109