• Skip to primary navigation
  • Skip to main content
  • Skip to primary sidebar
  • Skip to footer

Hadeland dialekt- og mållag

  • Heim
  • Styret
  • A.O. Vinje i media
  • Dokumentarkiv
  • Kontakt oss
  • Meld deg inn!
  • Personvern

Grethe Bøe

Litteraturfestival 4 – 5. juni 2021

17. oktober 2021 av Grethe Bøe

Her kjem eitt knippe bilete frå «Terje Johanssen-dagene – en litteraturfestival på Hadeland» som vart arrangert i juni 2021. Du kan klikke på bileta for å sjå dei i full storleik.

  • «Terje Johanssen-dagene, en litteraturfestival på Hadeland» samlar 50, fullt hus. Foto: Sørensen
  • Edvard Hoem fortel og les frå «Felemakaren». Foto: Inger Lise Stieng
  • Tove Nilsen les frå «Den eneste broren». Foto: Inger Lise Stieng
  • Konferansier er Arnfinn Nilsen, og Bitten Nesbakken har sørga for å servere biteti. Foto: Reidun Sørensen
  • Poesivandringa startar med dikt av Leif Harald Høghaug. Foto: R. Sørensen
  • Martha Kjørven les dikt av Terje Johanssen. Foto: Inger Lise Stieng
  • Joanna Radkowska les eigne dikt. Foto: Inger Lise Stieng
  • Poesi- og jazzkonsert med 30 tilhøyrarar, fullt hus. Foto: R. Sørensen
  • Konferansier laurdag er Audun Vinger. Foto: Inger Lise Stieng
  • Martha Kjørven les frå «Sct. Petri». Foto: Inger Lise Stieng
  • Joanna Radkowska les eigne dikt. Foto: Inger Lise Stieng
  • Saksofionist Håkon Kornstad. Foto: Inger Lise Stieng
  • Operasongar Håkon Kornstad. Foto: Inger Lise Stieng
Sigve Lieberg Stieng spelar «I ensomme stunde» av Ole Bull, som Hoem nemner i «Felemakaren». Video: Inger Lise Stieng

Filed Under: Nyhende Tagged With: Terje Johanssen-dagene

I jøtt godt gjenge!

28. februar 2021 av Grethe Bøe

Hadeland dialekt- og mållag vil gje ut bok om hadelandsdialekta i år. Vi baserer ordboka vår på Bjørn Liaklev sitt arkiv over ord og uttrykk. Som mange kjenner til, var han den sjølvsagte vinnar av den aller første «Dialektprisen for Hadeland».

Bjørn Liaklev får Dialektprisen 17. mai 2007. Foto: Sissel Skjervum Bjerkehagen, Hadeland


Det var stor stas då leiar Ole Gunnar Monsen gav diplomen til lektor Bjørn Liaklev under frukosten på Granavolden Gjæstgiveri 17. mai 2007, sjå bilete.

To journalistar frå avisa Hadeland dekka hendinga og skreiv ein fyldig artikkel i lokalavisa vår.

Skal digitalisere

Liaklev har gjennom eit langt liv samla om lag 3000 kartotekkort som vi scanna før jul. No er 13 frivillige «jøtt» godt i gang med å dokumentere samlinga hans. I desse koronatider har vi ei meiningsfylt oppgåve vi kan utføre heimanfrå. Det er eit nitidig arbeid og meir arbeidssamt enn dei fleste av oss såg føre oss. For i tillegg til å gje ut boka, vil redaksjonskomitéen legge til rette for seinare digitalisering av samlinga. Då kan språkforskarar, studentar og kven som helst søke på ord i den elektroniske ordlista vi lagar. Då vil vi kunne søke både på dialektordet og på eit tydingsord andre vegen, dersom ein vil vite om eit nynorsk- eller bokmålsord har eit tilsvarande ord i hadelandsdialekta. Vi skal ha med korrekt IPA-lydskrift, slik at forskarar og studentar kan lese seg til korleis dialektorda våre bli uttala.

Rolf Theil er leiar for prosjektet. Han er professor emeritus frå Universitetet i Oslo, språkforskar og busett på Jevnaker. Han har mange jern i elden men rydda plass i kalenderen for å hjelpe lokallaget sitt med å få realisert bokprosjektet vårt. Denne gongen er det ikkje romani eller eit afrikansk stammespråk han skal sette i system – det er vår lokale dialekt. Det hadde ikkje blitt bok utan Rolf. Med seg i redaksjonskomitéen har han Bjørn Liaklev, Grethe Bøe og Reidun R. Sørensen som er styrets forlenga arm inn i prosjektet. Vemund Viken, Torill Nedberge Klevmark og Einar Raastad i styret heiar på oss alle saman!

Rolf Theil les korrektur heime på Jevnaker. Foto: Eli Margrethe Theil

Dialekt er identitet

Dialektene våre er levande, immaterielle kulturminne og er ein viktig del av identiteten vår. Så lenge hadelendingen er stolt av dialekta vår, talar hadelandsmål til dagleg og lærer det bort til dei yngre, vil dialekta leve vidare. Skjer ikkje det, vil dialekta vår døy og bli eit daudt, immaterielt kulturminne. Har du tenkt over det?

Redaksjonskomitéen håper at boka vår vil få fleire hadelendingar til å bli stolte av dialekta si. Vi høyrer kor stolte folk frå Ringsaker og Toten er av talemålet sitt. På same måte har hadelendingen all grunn til å vere stolt av målet sitt. Vi håper boka vil vekke ny interesse for vår lokale dialekt, skape diskusjon om kva som er «rett» uttale og inspirere hadelendingen til å ta i bruk ord som kanskje er på veg ut. Vi har trua!

Vi har fått gode råd frå Terje Randen i lokalavisa Fjuken, som i samarbeid med lokale historielag og mållag i november 2020 gav ut Målet i Lom og Skjåk i andre utgåve, no supplert med 1500 «nye» ord og uttrykk og finansiert ved hjelp av Sparebank 1 Lom og Skjåk.

Mange bidrag

Innhaldet røpar vi litt av: I tillegg til ordlista vil vi få forskaren si analyse av hadelandsdialekta. For å spegle at språkutviklinga har ført til stor variasjon mellom bygdene, har vi invitert eit utval skrivekyndige hadelendingar til å skrive eit bidrag til boka på talemålet sitt. Gunvor Raastad seier at vi før i tida kunne høyre om samtalepartnaren kom frå Tingelstad eller frå Bleiken, og vi høyrde stor forskjell på folk frå Harestua og Bjoneroa! Så kom tida då «vi la ifrå oss dialekta på toget» som Solveig Heggen frå Jaren, så treffande uttrykker det. Knoting har vel dei fleste av oss vore nøydde til i ein periode. I boka vil vi kunne lese eksempel på korleis bymålet har påverka talemålet.

Får vi det til, vil vi intervjue elevar ved Brandbu barneskole, som i fjor forska på bruken av hadelandsdialekta. Funnet desse elevane gjorde i intervjua sine, var nedslåande. Mellom anna fann elevane at færre yngre enn eldre i utvalet dei intervjua, brukar konkrete dialektord til dagleg. Men elevane skal ha ros for interessa og for prosjektet. Du kan lese artikkelen i avisa Hadeland her (krev abonnement).

Det er så inspirerande å arbeide saman med dei frivillige vi er så heldige å ha med på laget! Eg let Anne Lise Jorstad representere innsatsviljen hos alle saman: Ho skriv mellom anna: «Jeg nærmer meg, raskt, slutten på min bokstav, nå. Det er morsomt. Jeg fortsetter gjerne med ytterligere registrering.»

Tekst av Reidun Ramse Sørensen, leiar for Hadeland dialekt- og mållag. På trykk i Avisa Hadeland den 02.02.2021.

Filed Under: Nyhende Tagged With: Bjørn Liaklev, dialektordbok, ordbok, Rolf Theil

Kva hende på Granavollen 30. juli 1870?

6. juli 2020 av Grethe Bøe

30. juli i sommar er det 150 år sidan Aasmund Olavsson Vinje døydde

Biletet er frå 200-årsjubileet i 2018 og viser Amund Bø som Aasmund O. Vinje, på veg til Granavollen i juli 1870. Foto: Reidun Sørensen

Arven

Vinje lot etter seg ein rik kulturarv. Mest kjend er han vel som diktar, men han var óg ein banebrytande journalist og redaktør, målmann og ivrig samfunnsdebattant. Me kan heller ikkje gløyme at han var pådrivar til stiftinga av DnT og ein nasjonsbyggar i ei opprivande tid for landet vårt på midten av 1800-talet.

På Granavollen har me heidra Vinje kvar 17. mai frå 1964, då lærar Jon Løyland inviterte Telelaget opp frå Oslo. Telelaget stilte med talar og fane, og skuleborna stilte med norske flagg. I sommar vil Hadeland dialekt- og mållag markere at det er 150 år sidan Vinje gjekk ut av tida. Det gjer me på to måtar.

Fysisk markering

For det første inviterar me til ei fysisk oppleving på Granavollen i samarbeid med kyrkja, på Vinjes dødsdag 30. juli: Mållagets Gunvor Raastad les dikt og legg på krans frå kommunane Vinje og Gran. Så følgjer kyrkja opp med to konsertar: Kantor Marit Wesenberg og sopran Kristin Bjerkerud vil framføre songar av Aasmund O. Vinje som Grieg har sett melodi til, i Nikolaikirken. Det vert to konsertar etter kvarandre fordi me, på grunn av fare for koronasmitte, må ha «meteren» mellom oss frå skulder til skulder.

Mediemarkering

For det andre vil me markere Vinje i media. Difor har me kontakta nokre aviser for å tilby eit eksklusivt innslag om Vinje, skrive av ein foredragshaldar frå seminaret «Vinje i ei ny tid» i april, som me måtte avlyse. Målet med mediemarkeringa er å løfte fram litt av arven etter Vinje og vise at me hadelendingar er stolte av han. I samtalar med forfattarar og redaktørar har vi fått høyre mange artige historier. Eivind Blikstad har skrive bok om Vinje som kom ut i 2018. Han fortel at for å kunne stemme ved val måtte ein ha borgarbrev, og for å få borgarbrev måtte ein eige fast eigedom. Den unge læraren i Mandal fekk kjøpt seg ein holme i Skogsfjorden. Med den fekk han det viktige brevet ved personleg oppmøte i Kristansand, men historia om Vinje sitt borgarbrev slutta ikkje der. På folkemunne vart det sagt at holmen var så liten at sjøen fløymde over han ved flo sjø. Vinje hadde difor berre stemmerett ved fjære sjø.

Solbjørg Kvålshaugen driv turisthytta Fondsbu og viser tilreisande rundt på Eidsbugarden.  Dessutan elskar ho å diskutere politikk, og på FB-sida si seier ho si ærlege meining om mangt og mykje. Ho skreiv ein gong at ho elskar ein god debatt – akkurat som A.O. Vinje gjorde. Ho har funne ein sjeleven i vår felles Vinje.

Kom til sin gode ven

Berre 52 år gammel og dødssjuk, hadde Vinje reist i fleire dagar for å nå fram til sin gode ven kapellan Anton Chr. Bang på Presteenkesetet Sjo. Olav Vesaas skriv at Vinje kom med denne viljeserklæringa i samtalane sine med Bang: «Hvis han døde paa Hadeland, vilde han blive begraven paa Grans Kirkegaar, ikke i Kristiania; thi han likte ikke Kirkegaarden derinde». Bang såg til at venen fekk viljen sin og gav Vinje ein heidersplass på kyrkjegarden vår. I dag stoppar mange besøkande opp ved dette kulturminnet og får høyre Kari Røken Alm fortelje kvifor mannen med tvisynet er gravlagd her hos oss.

Kjem du over ein kronikk eller artikkel om Vinje i sommar, kan det hende at det er Hadeland dialekt- og mållag som står bak. Vår erfaring er at A.O. Vinje diverre ikkje er så godt kjend som gode Vinje-kjennarar likar å tru. Håpet er at det som kjem ut i media blir lærerikt og verdt å lese for dei fleste av oss.

Eg avsluttar med eit vers frå songen Ivar Aasen skreiv til avdukinga av bysta av Brynjulf Bergslien i 1873, eit sitat frå boka Ein tankens hærmann av Olav Vesaas:

Det kom ein Gut or Vinje-Grend,
Til større Ljos han traadde;
Han vardt i Landet vida kjend,
Og vidt hans Tale naadde.
For alt sitt Tykkje kunde han
i Song og Segner greida,
og all den Gledskap, som han fann,
han um seg vilde breida.

 

Reidun Ramse Sørensen
Hadeland dialekt- og mållag, leiar

Filed Under: Nyhende Tagged With: 150 år sidan Vinje døydde

17. mai 2020 og andre arrangement

13. mai 2020 av Grethe Bøe

17. mai 2020

Det er fleire som spør om det vil skje noko ved Vinjes grav 17. mai. Vi har jo avlyst den tradisjonelle minnestunda, og Åsulv Edland kjem diverre ikkje denne 17. mai heller. Han vart jo forhindra av sjukdom i fjor. Leiar i Hadeland dialekt- og mållag kjem til å legge på krans til vanleg oppmøtetid på morgonkvisten. Men vi kallar det ikkje «arrangement», for då må vi som arrangør føre liste over kven som er til stades og står nær kvarandre i minst 15 min – eller ta påmelding og ha folk til å telle til 50 og avvise om vi skulle bli fleire.  Vi gjer det enkelt.

 

Terje Johanssen-dagene, en litteraturfestival på Hadeland

5. og 6. juni er avlyst.

 

30. juli 2020: Markering av at det er 150 år sidan A.O. Vinje døydde

Prosjektleiar for det avlyste seminaret, Torill Nedberge Klevmark, jobbar no med å få til ei markering i media med innslag om Vinje.

Kl. 18.00 ved minnestøtta vil Gunvor Raastad og Kari Røken Alm legge på krans og lese dikt av Vinje.

Filed Under: Nyhende Tagged With: 150 år sidan Vinje døydde, 17. mai, Terje Johanssen-dagene

Vinjeseminar 2020 avlyst

14. mars 2020 av Grethe Bøe

Vi avlyser seminaret Vinje i ei ny tid på grunn av fare for smitte av koronavirus. Til vidare oppmodar vi alle som kan, til å halde seg i ro i heimen. Delta i dugnaden for å redusere smittefare og redde liv.

Filed Under: Nyhende

  • « Go to Previous Page
  • Go to page 1
  • Go to page 2
  • Go to page 3
  • Go to page 4
  • Go to page 5
  • Go to Next Page »

Primary Sidebar

Facebook

Facebook Pagelike Widget

Footer

Ordbøker

  • Lexin-ordbøkene
  • Ordbøker: bokmål og nynorsk
  • Språkrådet si bokmål -> nynorsk ordliste

Om oss

Hadeland dialekt- og mållag
v/leiar Reidun Ramse Sørensen
Haugsbakklia 12
2770 JAREN

Telefon 922 98 745
Send ein epost

© 2021 Hadeland dialekt- og mållag · Org. nr. 916 301 109