• Skip to primary navigation
  • Skip to main content
  • Skip to primary sidebar
  • Skip to footer

Hadeland dialekt- og mållag

  • Heim
  • Styret
  • A.O. Vinje i media
  • Dokumentarkiv
  • Kontakt oss
  • Meld deg inn!
  • Personvern

Grethe Bøe

Vårt høyringssvar til namnesaka i Lunner kommune

5. februar 2020 av Grethe Bøe

Professor Emeritus Rolf Theil, medlem i Hadeland dialekt- og mållag. Foto: Wikipedia

 :

Høyringssvar i namnesak 2019-362

Vi viser til brev og vil gjerne uttale oss i namnesaka. Vi vil presisere at saka gjeld korleis stadnamn skal skrivast, ikkje slektsnamn.

Fordi dialekta vår er under press, tilrår vi i Hadeland dialekt- og mållag på generelt grunnlag å skrive stadnamn i samsvar med den tradisjonelle uttala. Om vi ikkje gjer det, kjem desse uttalemåtane til å døy ut ganske snart, fordi så mange aldri har høyrt namna uttala, men berre lese dei utifrå den danske skrivemåten. Likeins bør ikkje skrivemåten gøyme opphav og tyding.

Grua/Malmgrua

Formene Grube og Malmgruben kjem frå dansk skriftspråk. Tettstaden Grua har namnet sitt etter denne garden, og vi meiner det er naturleg at garden heiter anten Malmgrua eller berre Grua, som er lokal uttale av gruva (nn).

Balangrud

Balangrud, med kort a og «tjukk l», er tradisjonell lokal uttale på plassen. Difor bør stadnamnet skrivast med éin l, og ikkje med dobbel ll (Ballangrud), som gjev inntrykk av at ordet har «tynn l».

O. Rygh skriv i Norske Gaardnavne at førsteleddet balang moglegvis kjem frå norrønt bolungr «stabel av samanlagde stokkar/tømmeret i ein husvegg». I så fall er Balangrud med éin l også ein meir korrekt skrivemåte frå ein historisk synsstad enn Ballangrud. I norrønt var vokalen kort, som han framleis er i tradisjonell uttale.

Skrivemåten Balangrud, med enkel l, er kjend frå så tidleg som frå 1300-talet, før danske embetsmenn skreiv om norske stadnamn til dansk.

Tilsvarande finn vi i gards- og stadnamnet Falang, uttala med «tjukk l», og slektsnamnet Fallang.

Når eit ord har «tjukk l» i uttalen i dag, var det alltid éin l på norrønt, aldri dobbel l. Når stadnamnet har vore uttala i generasjonar (truleg i minst 700 år) med «tjukk l», er det eit utvitydig teikn på gamal enkel l  i stadnamnet i norrønt, fortel professor emeritus ved UiO og medlem i Hdml, Rolf Theil, Jevnaker.

Balangrudsætra

Vi tilrår Balangrudsætra med enkel l av same grunn som for Balangrud.

Vi tilrår skrivemåten Balangrudsæterhøgda på åsen, som er i tråd med lokal uttale. Det er viktig at det står æ i -sæter for å ta vare på lokal uttale på staden. Skrivemåten med æ er også historisk korrekt; jamfør norrønt sætr.

Kalderassen

Gustav Indrebø skriv på s. 107 i Norske innsjønamn i Upplands fylke (Kristiania 1924) at etterleddet ikkje kjem av rast, men er eit skjemtande namn, av rass «bakluten, rumpa». Lokal uttale i dag er med tydeleg -e, «Kallerassen». Namnet kjem av ein kald rass.

Det ser ut til at Gustav Indrebø (107 i Norske innsjønamn i Upplands fylke, Kristiania 1924) ikkje er i tvil om at fyrsteleddet er adjektivet kald. Han skriv på same sida at kald som forledd på innsjø- og elvenamn er vanleg i både Noreg og Sverige.

Vi foreslår skrivemåten Kalderassen, med ld, sidan førsteleddet utan tvil er adjektivet kald. Meininga bak namnet må ikkje blandast saman med «kall» i tydinga «mann». Dersom vi tek vekk d-en og skriv t.d. «Kallerassen» kan det sjå ut som Kalle er eit namn på ein person, og det vil ikkje vera openbert at det er temperatur namnet seier noko om. Då har vi øydelagt for at etymologien i ordet er synleg, og til inga nytte: Om nokon uttaler denne d-en har dei særs liten kjennskap til norske reglar for uttale.

Køllerputta

Hadelandsmålet har a-ending i hankjønn fleirtal bestemt form, og vi tilrår å bruke skrivemåten Køllerputta.

Den tradisjonelle uttalen Køllerputta er òg nemnd på s. 114 i boka Norske innsjønamn i Upplands fylke (Kristiania 1924) av Gustav Indrebø. Skrivemåten med ø gjev att tradisjonell uttale betre enn skrivemåten med o (Kollerputta). Indrebø skriv Køllerputta med både ø og a.

Viubråtan

Lokal uttale er ein bråta, bråtan. Vi meiner at vi bør skrive jamvektsorda våre sånn dei vert uttala for å ta vare på dette særtrekket i dialekta, og ikkje byte ut a-en med e, sjølv om det er normert i både bokmål og nynorsk. 

O. Rygh skriv i Norske Gaardnavne at den tradisjonelle uttalen er Viubråtån.

Selahøvret

Skrivemåten med a gjeld òg for Selahøvret, som har den tradisjonelle uttalen «Sælahøvvre» (med «tjukk l»); sjå s. 101 i boka Norske innsjønamn i Upplands fylke (Kristiania 1924) av Gustav Indrebø. Her ønskjer vi å få fram at stadnamnet viser til seletøy, ikkje til det å gjere andre «sæle», lukkelege og glade. Skrivemåten med e er også historisk korrekt; jamfør norrønt sela-.

Beste helsing

Reidun Ramse Sørensen,
leiar for Hadeland dialekt- og mållag

Filed Under: Anna nytt Tagged With: høyring, namnesak

Gled deg til Vinjeseminar i april!

5. februar 2020 av Grethe Bøe

Velkommen til Vinjeseminar på Granavollen! Foto: Vemund Viken

Etter Aasmund Olavsson Vinje har vi ein rik og mangslungen kulturarv. Det er først og fremst som ein ordets mann Vinje har sett spor etter seg i den norske kultursjela. I år er det 150 år sidan Vinje sovna inn på Presteenkesetet Sjo, berre 52 år gamal. For å markere dette, inviterer vi til seminar helga etter påske, 18. -19. april, på ærverdige Granavolden Gjæstgiveri.

Pressemannen Per Egil Hegge opnar seminaret med å løfte fram Vinje sin banebrytande innsats og eigenskapar som pressemann.

Historikar Karsten Alnæs er godt kjend på Hadeland og vil tale om Vinje, naturen og Den Norske Turistforening.

Tora Aasland heldt minnetalen i 2017, og ho gler seg til å kome tilbake til oss for å fortelje om Vinje som nasjonsbyggjar. 1800-talet var ei brytningstid for landet vårt.

Forfattar Eivind Blikstad gav ut boka «Vegviseren» i jubileumsåret 2018. Eivind vil ta for seg Vinje si oppvakningstid i Mandal; korleis han utviklar seg frå lærarvikar via mislukka sjømann og politikar til samfunnsdebattant.

Søndagen opnar med styrar på Fondsbu, Solbjørg Kvålshaugen. Ho vil fortelje om fjellmannen Vinje. Kanskje stemmer ho i med ein song? Solbjørg brukar å syngje Vinje kvar kveld for middagsgjestene sine på Fondsbu.

Journalist Åsulv Edland vaks opp på nabogarden til den historiske Storegut i Vinje. Åsulv gir oss Storegut – kjempekaren som ikkje ville døy!

Kyrkja byr på gudsteneste i Nikolaikirken, og vi spaserer over kjørkevangen til gudsteneste med vår kulturinteresserte prost Kirsten Almås.

Deretter tek Magne Aasbrenn for seg stoda for nynorsken inn i 2020-åra. Det er hos oss Magne har sitt siste eksterne oppdrag som leiar i Noregs Mållag. Helga etter er det Landsmøte, og då går han tilbake til å undervise i den vidaregåande skulen heime i Fredrikstad.

Avslutningsvis høyrer vi vår eigen Rolf Theil, som er ein språkmektig professor emeritus ved UiO. Rolf tar oss med på ein språkodysse til år 2050 og vil fortelje kva han fann. Tru om han fann både nynorsk og bokmål? Fann han dialekter? Eller talar vi bare engelsk i 2050?

Laurdag kveld vil Sondre Bratland halde konsert i Mariakirken.
(Konserten er open for alle (kr 200,-) så lenge det er plass, (kjem an på kor mange deltakarar det er på seminaret). Du kan reservere plass ved å sende e-post til .

PROGRAM

Klikk her for å sjå og å skrive ut program (opnar i nytt vindauge)

PÅMELDING

Påmeldinga finn du på Ticketmaster her
Dagpakke kr 2.200,- inkl. konsert og middag laurdag kveld.
Overnatting kr 600,-: kontakt Granavolden Gjæstgiveri tlf. 61 33 77 00.
Påmeldingsfrist er 20. mars.

Vel møtt til ei triveleg helg på historiske Granavollen!

Arrangør er Hadeland dialekt- og mållag i samarbeid med Kirken i Gran

Filed Under: Nyhende Tagged With: Vinjeseminar

Forfattar vil lansere bok hos oss

25. januar 2020 av Grethe Bøe

Forfattar Jon Severud har kontakta Hadeland dialekt- og mållag og vil gjerne lansere boka «Ein europisk døl. Europearen Aasmund Olavsson Vinje» hos oss! Boka skal kome ut i mai 2020.

Diverre har vi fullt program i seminaret «Vinje i ei ny tid» i april, og det er også for tidleg for boksigneringa hans. Vi får sjå om vi kan få til noko i samarbeid med Samlaget! Vi jobbar med saka!

Du kan lese meir om boka på Samlaget sine sider her

Filed Under: Anna nytt Tagged With: boklansering, Jon Severud

Høyring om namnesak i Lunner kommune

24. januar 2020 av Grethe Bøe

Lunner kommune har sendt namnesak på høyring med svarfrist 5. februar: Namnesak 2019-362 er reist av Kartverket og Stadnamntenesta og gjeld konkret Malmgruben m.fl. Klikk her for å sjå vedlegg.

Har du informasjon om lokal dialektuttale på nokon av desse, ta kontakt med Hadeland dialekt- og mållag v/ Reidun Sørensen, tlf. 922 98 745, seinast 3. februar 2020.

Lenker:

Lenke til høyringssaka på kommunen si nettside: https://www.lunner.kommune.no/navnesak-paa-lokal-hoering.6240788-297042.html

Lenke til Språkrådet si nettside: https://www.sprakradet.no/Sprakarbeid/Stedsnavn/Skrivematen-av-stedsnavn/Gards–og-bruksnavn/

Lenke til lovdata med lov om stadnamn; https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1990-05-18-11?q=stedsnavnloven og forskrift; https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2017-05-23-638

Filed Under: Nyhende Tagged With: høyring, namnesak

Feil dag i 146 år

20. juli 2019 av Grethe Bøe

Vinje sitt gravminne på Granavollen med den nye, frittståande plaketten.

Som mange litteraturinteresserte kjenner til, vart det gravert inn feil dødsdato på bautasteinen over Aasmund Olavsson Vinje, som vart avduka tre år etter han døydde. Vinje døydde om morgonen andre natta han overnatta hos sin gode ven kapellan Anton Christian Bang, altså den 30. juli 1870, ikkje den 31. juli som inskripsjonen seier. Vi i Hadeland dialekt- og mållag har fått mange spørsmål om kvifor ikkje Gran kommune har retta opp denne skrivefeilen.

I løpet av Vinje-jubileet 2018 toppa kommentarane seg, og styret i Hadeland dialekt- og mållag kom til at vi måtte gjere det vi kunne for å få retta opp feilinformasjonen. Nokon av dei mange som kommenterte skrivefeilen, hadde den enkle løysinga at vi bare kunne rette eitt-talet til ein null, kitte og måle over! Det hadde dei gjort på gravsteinar heime hos seg, og det gjekk SÅ fint….

Hadeland dialekt- og mållag tok kontakt med kyrkjeverja, og i godt samarbeid med kyrkjeverje Lars Aarnes, kyrkjetenar og kulturmedarbeidar Kari Røken Alm og kulturvernkonsulent Kari Møyner la vi ein plan i fjor.  Det var fleire spørsmål vi måtte finne svar på. For det første måtte vi finne kva for instans som formelt «eig» grava. Det er Gran/Tingelstad sokn som eig grunnen og kyrkjegarden, og det er kyrkjeverja som administrerer bruken av han. For det andre fekk vi bekrefta at grava er eit kulturminne og skal ikkje endrast på. For det tredje kom vi til at kyrkjeverja skulle søke fylkeskonservatoren/riksantikvaren om lov til å sette opp ein frittståande plakett, tilsvarande det vesle informasjonsskiltet kyrkjeverja har sett opp på grava til Christoffer Hammer. For det fjerde skulle vi ta stilling til om teksta vi skulle søke om, burde stå i moderne nynorsk eller landsmål slik norma var i 1873.

Professor emeritus Rolf Theil, medlem i Hadeland dialekt- og mållag.

Det primære ønsket vårt var å få skrifta på landsmål anno 1873, det same året som bautasteinen vart avduka. Vi var einige om at eg skulle kontakte vår eigen Rolf Theil, om han kunne hjelpe oss med å omsette teksta. Det kunne han! Rolf Theil er professor emeritus i allmenn og afrikansk lingvistikk og medlem i Hadeland dialekt- og mållag.

Vi bad han omsette: «Bautaen vart avduka i 1873 med feil dødsdato. Vinje døydde 30. juli 1870.»

Få dagar etter kom svaret, og Rolf forklara korleis han som fagmann valde desse orda:

«Bautasteinen vardt avdukad i 1873 med galen Daudsdag. Vinje døydde 30. Juli 1870.»

  1. Legg merke til at substantiv (medrekna månadsnamn) hadde stor forbokstav på den tida.
  2. I Norsk Ordbog set Aasen substantivet «Feil» i klammer (han var nok ikkje noko glad i det), og den adjektiviske bruken var nok endå meir framand. Vi bør velje «galen» i staden.
  3. Vi bør bruke «Bautastein» (med tonem 2!; av norrønt «bautaðarsteinn / bautarsteinn / bautasteinn»). Forma «Bauta» (som vi uhistorisk uttalar med tonem 1) er ei dansk avstytting av den norrøne forma.
  4. I tråd med «daaen i Gran» kunne eg ha valt «Vinje do 30. Juli 1870». Verbet «døya» set Aasen opp med to ulike bøyingsmåtar, den sterke «døya – døyr – do – daaet» og den linne «døya – døyr – døydde – døytt». Det finst fleire grunnar til å velje «døydde» framfor «do». Det er ikkje til kome ifrå at «do» kan verke låtteleg i våre dagar …
  5. Om de lurar på skrivemåten «vardt» (i staden for vart, som vi skriv i dag), er saka at dette verbet hadde denne bøyingsmåten hjå Aasen: «verda – verd – vardt – vordet».
  6. Framandordet «Dato» høver ikkje inn i dette målet. Vi bør bruke «Dag» i staden.

Takk for eksperthjelp og god forklaring, Rolf Theil!

Reidun Ramse Sørensen
for Hadeland dialekt- og mållag

Filed Under: Nyhende Tagged With: Aasmund Olavsson Vinje, feil dødsdato, frittståande plakett, galen daudsdag, Granavollen, gravminne

  • « Go to Previous Page
  • Go to page 1
  • Go to page 2
  • Go to page 3
  • Go to page 4
  • Go to page 5
  • Go to Next Page »

Primary Sidebar

Facebook

Facebook Pagelike Widget

Footer

Ordbøker

  • Lexin-ordbøkene
  • Ordbøker: bokmål og nynorsk
  • Språkrådet si bokmål -> nynorsk ordliste

Om oss

Hadeland dialekt- og mållag
v/leiar Reidun Ramse Sørensen
Haugsbakklia 12
2770 JAREN

Telefon 922 98 745
Send ein epost

© 2021 Hadeland dialekt- og mållag · Org. nr. 916 301 109