
Anne Marte Skari frå Jaren er årets vinnar av Dialektprisen 2018 for Hadeland! Ho fekk prisen ved opninga av Vinjejubileet 2018 i Steinhuset den 14. mars. Du kan lese meir om saka i avisa Hadeland her
av Grethe Bøe
Anne Marte Skari frå Jaren er årets vinnar av Dialektprisen 2018 for Hadeland! Ho fekk prisen ved opninga av Vinjejubileet 2018 i Steinhuset den 14. mars. Du kan lese meir om saka i avisa Hadeland her
av Grethe Bøe
Programmet og brosjyren for Vinjejubileet 2018 i Gran er klare! Gå til «Vinjejubileet 2018 i Gran» i den mørke menylinja øvst på sida under logoen vår.
av Grethe Bøe
Hadeland dialekt- og mållag har tenkt å dele ut Dialektprisen for Hadeland 2018, etter 8 års avbrot. Veit du om nokon du meiner fortener prisen?
Vi ser etter personar som har vore eller er viktige for hadelandsdialekta, ei dialekt som på lik linje med dei fleste andre dialektane i i landet er truga av utvanning og bymål. Vi meiner at i ei tid der ytre krafter kan virke splittande (t.d regionreform), er dialekta vår samlande og gir felleskap, den er ein viktig bærar av den felles historien vår og ei flott dialekt vi kan være stolte av.
I statuttane våre står det:
1. Dialektprisen er ei påskjøning frå Hadeland dialekt- og mållag til personar eller institusjonar som har gjort framifrå arbeid for hadelandsdialekta – anten ved sjølve å vera gode talskvinner eller talsmenn for dialektreisinga, eller gjennom opplysing og forståing for dialektbruk gjennom vitskapleg, kulturelt eller målpolitisk arbeid.
Vi samarbeider med medielinja på HVS, som vil reise rundt og gjere videointervjuer av kandidatane til prisen. Det er styret i mållaget som kårer vinnaren, og vi deler ut prisen på åpninga av Vinje-jubileet i Steinhuset 14.mars.
Vi oppmoder alle som har aktuelle kandidatar til å sende inn ein kort presentasjon og grunngjeving til så fort som råd og seinast 25. februar.
Dialektprisen for Hadeland er tidlegare gitt til:
2007 Bjørn Liaklev, Jaren
2008 Kari Ruud Flem, Jevnaker
2009 Gerd Nyland, Jaren
2010 Hans Næss, Gran
av Grethe Bøe
Velkommen til Hadeland dialekt- og mållag si heimeside! Her finn du m.a. nyhende, informasjon om laget og hendingskalender. Du kan óg sjå løpande info frå vår Fjesbok-kanal.
Hadeland dialekt- og mållag
v/leiar Reidun Ramse Sørensen
Haugsbakklia 12
2770 JAREN
Telefon 922 98 745
Send ein epost