Vi avlyser seminaret Vinje i ei ny tid på grunn av fare for smitte av koronavirus. Til vidare oppmodar vi alle som kan, til å halde seg i ro i heimen. Delta i dugnaden for å redusere smittefare og redde liv.
Nyhende
Gled deg til Vinjeseminar i april!

Etter Aasmund Olavsson Vinje har vi ein rik og mangslungen kulturarv. Det er først og fremst som ein ordets mann Vinje har sett spor etter seg i den norske kultursjela. I år er det 150 år sidan Vinje sovna inn på Presteenkesetet Sjo, berre 52 år gamal. For å markere dette, inviterer vi til seminar helga etter påske, 18. -19. april, på ærverdige Granavolden Gjæstgiveri.
Pressemannen Per Egil Hegge opnar seminaret med å løfte fram Vinje sin banebrytande innsats og eigenskapar som pressemann.
Historikar Karsten Alnæs er godt kjend på Hadeland og vil tale om Vinje, naturen og Den Norske Turistforening.
Tora Aasland heldt minnetalen i 2017, og ho gler seg til å kome tilbake til oss for å fortelje om Vinje som nasjonsbyggjar. 1800-talet var ei brytningstid for landet vårt.
Forfattar Eivind Blikstad gav ut boka «Vegviseren» i jubileumsåret 2018. Eivind vil ta for seg Vinje si oppvakningstid i Mandal; korleis han utviklar seg frå lærarvikar via mislukka sjømann og politikar til samfunnsdebattant.
Søndagen opnar med styrar på Fondsbu, Solbjørg Kvålshaugen. Ho vil fortelje om fjellmannen Vinje. Kanskje stemmer ho i med ein song? Solbjørg brukar å syngje Vinje kvar kveld for middagsgjestene sine på Fondsbu.
Journalist Åsulv Edland vaks opp på nabogarden til den historiske Storegut i Vinje. Åsulv gir oss Storegut – kjempekaren som ikkje ville døy!
Kyrkja byr på gudsteneste i Nikolaikirken, og vi spaserer over kjørkevangen til gudsteneste med vår kulturinteresserte prost Kirsten Almås.
Deretter tek Magne Aasbrenn for seg stoda for nynorsken inn i 2020-åra. Det er hos oss Magne har sitt siste eksterne oppdrag som leiar i Noregs Mållag. Helga etter er det Landsmøte, og då går han tilbake til å undervise i den vidaregåande skulen heime i Fredrikstad.
Avslutningsvis høyrer vi vår eigen Rolf Theil, som er ein språkmektig professor emeritus ved UiO. Rolf tar oss med på ein språkodysse til år 2050 og vil fortelje kva han fann. Tru om han fann både nynorsk og bokmål? Fann han dialekter? Eller talar vi bare engelsk i 2050?
Laurdag kveld vil Sondre Bratland halde konsert i Mariakirken.
(Konserten er open for alle (kr 200,-) så lenge det er plass, (kjem an på kor mange deltakarar det er på seminaret). Du kan reservere plass ved å sende e-post til .
PROGRAM
Klikk her for å sjå og å skrive ut program (opnar i nytt vindauge)
PÅMELDING
Påmeldinga finn du på Ticketmaster her
Dagpakke kr 2.200,- inkl. konsert og middag laurdag kveld.
Overnatting kr 600,-: kontakt Granavolden Gjæstgiveri tlf. 61 33 77 00.
Påmeldingsfrist er 20. mars.
Vel møtt til ei triveleg helg på historiske Granavollen!
Arrangør er Hadeland dialekt- og mållag i samarbeid med Kirken i Gran
Høyring om namnesak i Lunner kommune
Lunner kommune har sendt namnesak på høyring med svarfrist 5. februar: Namnesak 2019-362 er reist av Kartverket og Stadnamntenesta og gjeld konkret Malmgruben m.fl. Klikk her for å sjå vedlegg.
Har du informasjon om lokal dialektuttale på nokon av desse, ta kontakt med Hadeland dialekt- og mållag v/ Reidun Sørensen, tlf. 922 98 745, seinast 3. februar 2020.
Lenker:
Lenke til høyringssaka på kommunen si nettside: https://www.lunner.kommune.no/navnesak-paa-lokal-hoering.6240788-297042.html
Lenke til Språkrådet si nettside: https://www.sprakradet.no/Sprakarbeid/Stedsnavn/Skrivematen-av-stedsnavn/Gards–og-bruksnavn/
Lenke til lovdata med lov om stadnamn; https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1990-05-18-11?q=stedsnavnloven og forskrift; https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2017-05-23-638
Feil dag i 146 år

Som mange litteraturinteresserte kjenner til, vart det gravert inn feil dødsdato på bautasteinen over Aasmund Olavsson Vinje, som vart avduka tre år etter han døydde. Vinje døydde om morgonen andre natta han overnatta hos sin gode ven kapellan Anton Christian Bang, altså den 30. juli 1870, ikkje den 31. juli som inskripsjonen seier. Vi i Hadeland dialekt- og mållag har fått mange spørsmål om kvifor ikkje Gran kommune har retta opp denne skrivefeilen.
I løpet av Vinje-jubileet 2018 toppa kommentarane seg, og styret i Hadeland dialekt- og mållag kom til at vi måtte gjere det vi kunne for å få retta opp feilinformasjonen. Nokon av dei mange som kommenterte skrivefeilen, hadde den enkle løysinga at vi bare kunne rette eitt-talet til ein null, kitte og måle over! Det hadde dei gjort på gravsteinar heime hos seg, og det gjekk SÅ fint….
Hadeland dialekt- og mållag tok kontakt med kyrkjeverja, og i godt samarbeid med kyrkjeverje Lars Aarnes, kyrkjetenar og kulturmedarbeidar Kari Røken Alm og kulturvernkonsulent Kari Møyner la vi ein plan i fjor. Det var fleire spørsmål vi måtte finne svar på. For det første måtte vi finne kva for instans som formelt «eig» grava. Det er Gran/Tingelstad sokn som eig grunnen og kyrkjegarden, og det er kyrkjeverja som administrerer bruken av han. For det andre fekk vi bekrefta at grava er eit kulturminne og skal ikkje endrast på. For det tredje kom vi til at kyrkjeverja skulle søke fylkeskonservatoren/riksantikvaren om lov til å sette opp ein frittståande plakett, tilsvarande det vesle informasjonsskiltet kyrkjeverja har sett opp på grava til Christoffer Hammer. For det fjerde skulle vi ta stilling til om teksta vi skulle søke om, burde stå i moderne nynorsk eller landsmål slik norma var i 1873.

Det primære ønsket vårt var å få skrifta på landsmål anno 1873, det same året som bautasteinen vart avduka. Vi var einige om at eg skulle kontakte vår eigen Rolf Theil, om han kunne hjelpe oss med å omsette teksta. Det kunne han! Rolf Theil er professor emeritus i allmenn og afrikansk lingvistikk og medlem i Hadeland dialekt- og mållag.
Vi bad han omsette: «Bautaen vart avduka i 1873 med feil dødsdato. Vinje døydde 30. juli 1870.»
Få dagar etter kom svaret, og Rolf forklara korleis han som fagmann valde desse orda:
«Bautasteinen vardt avdukad i 1873 med galen Daudsdag. Vinje døydde 30. Juli 1870.»
- Legg merke til at substantiv (medrekna månadsnamn) hadde stor forbokstav på den tida.
- I Norsk Ordbog set Aasen substantivet «Feil» i klammer (han var nok ikkje noko glad i det), og den adjektiviske bruken var nok endå meir framand. Vi bør velje «galen» i staden.
- Vi bør bruke «Bautastein» (med tonem 2!; av norrønt «bautaðarsteinn / bautarsteinn / bautasteinn»). Forma «Bauta» (som vi uhistorisk uttalar med tonem 1) er ei dansk avstytting av den norrøne forma.
- I tråd med «daaen i Gran» kunne eg ha valt «Vinje do 30. Juli 1870». Verbet «døya» set Aasen opp med to ulike bøyingsmåtar, den sterke «døya – døyr – do – daaet» og den linne «døya – døyr – døydde – døytt». Det finst fleire grunnar til å velje «døydde» framfor «do». Det er ikkje til kome ifrå at «do» kan verke låtteleg i våre dagar …
- Om de lurar på skrivemåten «vardt» (i staden for vart, som vi skriv i dag), er saka at dette verbet hadde denne bøyingsmåten hjå Aasen: «verda – verd – vardt – vordet».
- Framandordet «Dato» høver ikkje inn i dette målet. Vi bør bruke «Dag» i staden.
Takk for eksperthjelp og god forklaring, Rolf Theil!
Reidun Ramse Sørensen
for Hadeland dialekt- og mållag
Minnehøgtid over A.O. Vinje 17. mai 2019
Høgtida finn stad på Granavolden med start kl. 08.45.
I år er det Anne Tarjeisdotter Romtveit, som er invitert til å halde minnetalen!
Romtveit (fødd 11. desember 1950) er omvisar i Vinjestova.
Granavolden Gjæstgiveri har alt annonsert sin champagne-frukost til kr 395. Du kan lese meir om den her.
Til orientering vil FAU ved Sanne skole servere mat og kaffi i Kommunehuset for ein vesentleg rimelegare penge, 70-100 kr.
Velkommen til feiring på historiske Granavollen! Ingen over – ingen ved sida.