Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Litterær salong på Folkvang

november 25 @ 17:00 - 20:00

NOK200

Hadeland har mange forfattarar. Kjenner vi alle?

25. november vil vi markere forfattarskapet til Johan Fredrik Grøgaard, eller «Toto» som dei fleste kjenner han som.

Johan «Toto» Fredrik Grøgaard vart fødd i Oslo og er forfattar og oversettar. Han har òg vore tannlege både i Vinje, Drammen, Os ved Bergen og i Oslo. Han har to søner.

Som pensjonist har Grøgaard budd på Jaren i mange år saman med kona, oversettar Ellinor Kolstad. Den 27. oktober 2022 fyller Johan Fredrik Grøgaard 88 år. Det vil forfattarkolleger og gode vener markere i november ved å samlast til gode samtalar i «Litterær salong». Her kan du møte JAN ERIK VOLD, KJARTAN FLØGSTAD og EINAR ØKLAND. LEIF HARALD HØGHAUG er blant fleire interesserte. Einar Økland gjesta oss i juni då han las eigne dikt på Terje Johanssen-dagane.

Start helga med forfattarskapet «hass Toto» og forfattarkollegaene hans. Det vert utstilling av Toto sine bøker, og ungdomslaget serverer kaffi og biteti.

Billett kr 200 kjøper du gjennom www.kulturhadeland.no seinast torsdag 24. november. Har vi ledig plass fredag, kan du få kjøpt billett i døra. (Vipps eller kontant)

Grøgaard har skrive og omsett ei rekke bøker. Han debuterte i 1967 med romanen Dyvekes grav, som han fekk tildelt Tarjei Vesaas sin debutantpris for same året. Boka handlar om ei elskerinne til Christian II. Den nyaste romanen hans Kong Rad, kom ut i 2010 og brukar opp att personar frå tekster av Knut Hamsun, Margrethe Munthe og Dag Solstad.

UTGITTE BØKER

Kong Rad, eller Professor Andresens ratt (Roman, Aschehoug, 2010)
William Shakespeare: Forvekslingskomedien (Gjendiktning, 1997)
William Shakespeare: To herrer fra Verona. (Gjendiktning, 1996)
William Shakespeare: Kong Henrik V (Gjendiktning, 1995)
Jan Erik Vold – et portrett. (Biografier og memoarer, 1989)
Eneboeren. (Ungdomsbok, 1985)
Jeg, Wilhelm, 13 år (1891). (Ungdomsbok, 1983)
Jeg, Wilhelm, 12 år (1890). (Ungdomsbok, 1982)
Jeg, Wilhelm, 11 år (1889). (Ungdomsbok, 1981)
Ser deg på TV. (Noveller, 1980)
Der humlene suser (medf). (Roman, 1979)
Skorpionens brodd. (Roman, 1976)
Kattens lek. (Roman, 1975)
Mannen som ikke kunne kose seg. (Lyrikk, 1972)
Elefantspråket. (Lyrikk, 1971)
Dyvekes grav. (Roman, 1967)
(Kjelde: Forfatterkatalogen & Wikipedia)

Biletet på toppen: Johan Fredrik «Toto» Grøgaard. Foto: Rolf M. Aagard/Gyldendal

Lokale

Folkvang
Jarenvegen 72
2770 Jaren,
+ Google-kart

Arrangør

Hadeland dialekt- og mållag