Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Føredrag om Hadelandsdialekta

desember 14 @ 19:00 - 21:00

Gratis

Etter to års arbeid er boka om hadelandsdialekta klar! 14. desember 2022 kl. 1900 vil professor emeritus Rolf Theil halde føredrag om hadelandsdialekta – og arbeidet med boka.

Vi er heldige som har fått Rolf Theil som redaktør for ordboka vår. Med god hjelp av skriveføre hadelendingar og datakyndig assistanse frå Grethe Bøe, har Rolf ordna Bjørn Liaklev si samling på meir enn 3000 ord og uttrykk i vår elektroniske database.

BJØRN LIAKLEV er som kjent langt over gjennomsnittet interessert i dialekter. Han har vore lektor for to generasjonar hadelendingar og er sjølvsagt heidersgjest under foredraget. Til slutt signerer han bøker til dei som ønskar det.

ROLF THEIL er professor emeritus i allmenn og afrikansk lingvistikk. Som tilsett ved Universitetet i Oslo fram til han pensjonerte seg i 2016, underviste han i kinesisk, fulfunde, hausa og lingvistikk og forska på språk i Namibia, Etiopia, Kamerun, Mali og Marokko.

I tillegg har han i mange år arbeidd med romani (språket til taterane/romanifolket), og romanes (romane/sigøynerane), nordafrikanske urfolkspråk som cree og språket khowar i det nordlege Pakistan. I tillegg til vitskaplege artiklar gjennom 50 år har han skrive ei rekke bøker. Den aller siste boka han har skrive er ei ABC-bok på romanes «ABC Romani shib» som kom ut tidlegare i 2022.

Rolf Theil har alltid vore oppteken av norsk språkpolitikk og har vore med i Norsk Målungdom og Noregs Mållag sidan 1966. Han var lenge med i Landslaget for språkleg samling, også som leiar og redaktør. Han er ein etterspurt føredragshaldar og har vore mykje i radio og fjernsyn. I år var Rolf ein av fagpersonane i «Lenas språksjåvv», som har samla fulle hus i (foreløpig) 5 førestillingar i Grenlandsområdet.

Vel møtt til ein språkkveld der vi fokuserar på dialektsamlinga hans Bjørn Liaklev. Vi er veldig spente på om boka vår vil bli tatt godt imot!

Vi byr på enkel servering. Det er gratis å delta og dersom føredraget gir meirsmak, kan du få kjøpt jolepresang til hadelendingar som «har alt frå før»: Vi avsluttar kvelden med boksal og signering.

Velkommen!

Foto: Eli Margrethe Theil

Detaljar:

Dato
desember 14
Tid:
19:00 - 21:00
Billettpris:
Gratis
Merkelappar:
, , ,

Lokale

Gran Bibliotek
Skolelia 3
Gran, Innlandet 2750 Norway
+ Google-kart

Arrangør

Hadeland dialekt- og mållag