Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Poesikonsert

juni 5 @ 13:00 - 14:30

NOK200
Vi møtast utanfor Tingelstad gamle kyrkje, Sct Petri, Kongevegen 88, Jaren.
På kyrkjebakken møter vi dei som har gått opp Langgutua. Her får vi høyre kraftfull song av MANNSKORET KK på kyrkjebakken – dersom vi får opphaldsver. Sjølvsagt er du og velkommen utan å ha sveitta og gått opp til Kongevegen.
Vi går inn til jazzkonsert med poesi i ærverdige Sct Petri, som lyrikar Terje Johanssen var så glad i. Her får vi høyre HANNA PAULSBERG på saksofon. Ho har spela for Hadeland jazzklubb fleire gonger tidlegare. Til Sct Petri har ho med seg TRYGVE WALDEMAR FISKE på bass. Forfattar JOANNA RADKOWSKA les eigne dikt, og skodespelar MARTHA KJØRVEN les dikt av Terje Johanssen. Billett til konserten vil bli kr 200. (Førehandssal kjem vi tilbake til her.)
Dette er plan A for siste tredel av «TERJE JOHANSSEN-DAGENE, EN LITTERATURFESTIVAL PÅ HADELAND» 4. og 5. juni 2021. Dersom det ikkje let seg gjere å gjennomføre i juni av smittevernomsyn, er plan B å flytte litteraturfestivalen til hausten, slik vi gjorde i fjor.
Per i dag, mars 2020, tilrår regjeringa at arrangement som samlar folk frå ulike kommunar blir avlyst eller flytta. Difor håper Hadeland dialekt- og mållag at landet har færre og færre nye covid19-tilfelle framover mot juni, slik at styringsgruppa kan gjennomføre litteraturfestivalen som planlagt.
Vi har alle saman gode rutinar med omsyn til smittevern og kan dette med å sprite hender, ha på maske, halde avstand og halde ut – ikkje sant?

Detaljar:

Dato
juni 5
Tid:
13:00 - 14:30
Billettpris:
NOK200
Merkelappar:

Lokale

Tingelstad gamle kirke (St. Petri)
Kongevegen 88
2770 Jaren,
+ Google-kart

Arrangør

Hadeland dialekt- og mållag