Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Poesikonsert

4. juni 2022 @ 13:00 - 14:00

NOK200
Helga Myhr. Foto: Johannes Selvaag

Laurdag held litteraturfestivalen fram med konsert i ærverdige Sct. Petri: Kom og høyr musikarane Helga Myhr og Henriette Hvidsten Eilertsen ! Kom og høyr Einar Økland les eigne dikt og Martha Kjørven lese dikt av Terje Johanssen.

Folkemusikar Helga Myhr kjem frå Ål i Hallingdal. Ho har vunne spellemannspris som medlem av bandet Morgonrode i kategorien folkemusikk/tradisjonsmusikk. Ho spelar hardangerfele og syng.

I kyrkja får du også høyre Henriette Hvidsten Eilertsen på fløyte. Soloalbumen hennar «Poems for flute» (Motvind) viser potensialet som ligg i å konsentrere eit musikalsk uttrykk rundt akkurat dét instrumentet.

Mellom musikkinnslaga vil forfattar Einar Økland frå Sveio lese eigne dikt. Einar er essayist, lyrikar, dramatiker, forfatter og kritiker. Han debuterte som lyrikar med diktsamlinga «Ein gul dag» i 1963 og har ein omfattande litterær produksjon bak seg.

Skodespelar Martha Kjørven les utvalde dikt av Terje Johanssen. Det var så vellukka i fjor, så vi har invitert Martha i år igjen.

Konferansier laurdag er Audun Vinger Johanssen. Audun er redaktør og kritikar. Han har skrive for Dagens Næringsliv og Jazznytt, vore redaktør i Gyldendal og er aktiv som programleiar. Audun vil sørge for at konserten får ei fin veksling mellom musikk og poesi. Audun kjem frå Jaren på Hadeland og er son av Terje Johanssen.

På dagen 4. juni 2022 er det 80 år sidan lyrikar Terje Johanssen vart fødd i Svolvær i Lofoten. Heile sitt vaksne liv budde diktaren på Jaren. I år vil styringsgruppa markere dagen 80 år etter hans fødsel og at vi har 10-årsjubileum for «Terje Johanssen-dagene, en litteraturfestival på Hadeland». Vi inviterer til ein heidundrande flott konsert!

Billettar får du kjøpt hos https://www.kulturhadeland.no/terje-johanssen-dagene-litteraturfestival-x7fwi5/ (og i døra om vi har ledig plass).

Stor takk til Innlandet fylkeskommune, Kulturrådet, SpareBankstiftelsen Gran, Gran kommune og Norsk Forfattersentrum som gjer festivalen mogeleg.

Detaljar:

Dato
4. juni 2022
Tid:
13:00 - 14:00
Billettpris:
NOK200
Merkelappar:
, ,
Nettstad:
https://www.kulturhadeland.no/terje-johanssen-dagene-litteraturfestival-x7fwi5/"

Lokale

Tingelstad gamle kirke (St. Petri)
Kongevegen 88
2770 Jaren,
+ Google-kart

Arrangørar

Hadeland dialekt- og mållag
KulturHadeland