Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Poesikonsert

11. oktober 2020 @ 19:00 - 21:00

Kr.200
OLAV NYGARD og OLAV H. HAUGE er to svært sentrale lyrikarar som vi gjerne vil løfte fram og skape merksemd rundt.
Difor inviterer vi til POESIKONSERT i Grymyr kyrkje søndag kveld 11. oktober 2020 med skodespelar HILDEGUN RIISE og felespelar NILS ØKLAND.
Riise og Økland gjennomfører konserten samanhengande medan alle sit på plassane sine.
SMITTEVERN, oppdatert 30.09.20: Arrangementet blir gjennomført på ein trygg og god måte etter gjeldande smittevernreglar. Vi skal halde minst ein meters avstand, sprite hender og halde oss heime om vi blir snufsete.
Vi gjer merksam på at vi er pålagt å registrere alle som er til stades.
BILLETTEN kostar 200 kr.
Vil du sikre deg plass, tek Hadeland dialekt- og mållag imot førehandstinging av billettar:
Seinast torsdag 8. oktober overfører du 200 kr til vår prosjektkonto 2280 43 25380 og skriv TELEFONNUMMERET ditt i merknadsfeltet.
Ved inngangen kan du vippse eller betale kontant.
Poesikonserten er støtta av NOREGS MÅLLAG og GRAN KOMMUNE.

Detaljar:

Dato
11. oktober 2020
Tid:
19:00 - 21:00
Billettpris:
Kr.200

Lokale

Grymyr kirke
Elvetanglinna 5
Gran, Innlandet 2750
+ Google-kart