Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Poesivandring opp Langgutua

juni 4 @ 11:00 - 12:30

Foto: Reidun Ramse Sørensen

«Terje Johanssen-dagene, en litteraturfestival på Hadeland» held fram laurdag med POESIVANDRING laurdag 4. juni kl. 1100-1230. Mannskoret KK syng for oss ved mål.

Blir du med på vandring opp Langgutua? Då møter du opp kl. 1100 ved Fagerlund barnehage (adr. Røysumlinna 2, Jaren). Målet for vandringa er Tingelstad gamle kyrkje, Sct. Petri (adr. Kongevegen 88, Jaren). Tips: Ta med deg vatn til turen. Det kan bli varmt å gå oppover her på solfylte dagar.

Konferansier Audun Vinger Johanssen vil ønske vel møtt til ei vandring i fotefara etter lyrikaren Terje Johanssen, som ofte gjekk denne gutua for å kome opp til «mitt hellige fjell», middelalderkyrkja Sct. Petri, som han var så glad i.

Ved barnehagen les forfattar Einar Økland eigne dikt. Oppover Langgutua tek vi pause to gonger og får høyre skodespelar Martha Kjørven lese dikt av Terje Johanssen og forfattar Tone Hødnebø lese eigne dikt.

I høve 10-årsjubileet for «Terje Johanssen-dagene» vil vi avduke to spennande plakettar undervegs i gutua, der det vil vere naturleg å ta ein pust i bakken. Slik håper vi Langgutua vil bli endå meir brukt som den flotte kulturstien vi har her.

Når vandrarane er oppe, blir de få enkel servering på kyrkjebakken ved Sct. Petri. Her vil Mannskoret KK stemme i med vårlege toner for oss kl. 12.45. Koret vart sakna i fjor. Då fekk dei ikkje lov å synge av smittevernomsyn. Men i år stiller koret opp med klangfull mannssong ved kyrkjeveggen. Vi gler oss!

Deretter går vi inn til jazzkonsert med poesi i Sct. Petri. (Sjå eiga hending med billettkjøp på førehand gjennom kulturhadeland.no

Detaljar:

Dato
juni 4
Tid:
11:00 - 12:30
Merkelappar:
,

Lokale

Fagerlund Barnehage
Røysumslinna 2
Gran, Innlandet 2770 Norway
+ Google-kart

Arrangør

Hadeland dialekt- og mållag