Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Poesivandring opp Langgutua

juni 5 @ 11:00 - 13:00

Laurdag 5. juni møtast vi ved Fagerlund barnehage (Røysumlinna 2, Jaren) kl. 11.00 for å gå poesivandring opp Langgutua til Tingelstad gamle kyrkje, Sct Petri.
Forfattar LEIF HARALD HØGHAUG les eigne dikt, skodespelar MARTHA KJØRVEN les dikt av Terje Johanssen og forfattar JOANNA RADKOWSKA les sine eigne dikt i pausane oppover. Ta med deg drikkeflaske.
Vi er framme om lag kl. 13.00 ved Tingelstad gamle kyrkje, Sct Petri (Kongevegen 88, Jaren) sjå neste hending.
Biletet er frå poesivandringa 26. september 2020 og er teke av Arnfinn Nilsen.
Dette er plan A – for andre tredel av «TERJE JOHANSSEN-DAGENE, EN LITTERATURFESTIVAL PÅ HADELAND» 4. og 5. juni 2021. Dersom det ikkje let seg gjere å gjennomføre i juni av smittevernomsyn, er plan B å flytte litteraturfestivalen til hausten, slik vi gjorde i fjor.
Per i dag, februar 2020, tilrår regjeringa at arrangement som samlar folk frå ulike kommunar blir avlyst eller flytta. Difor håper Hadeland dialekt- og mållag at landet har færre og færre nye covid19-tilfelle framover mot juni, slik at styringsgruppa kan gjennomføre litteraturfestivalen som planlagt.
Vi har alle saman gode rutinar med omsyn til smittevern og kan dette med å sprite hender, ha på maske, halde avstand og halde ut – ikkje sant?

Detaljar:

Dato
juni 5
Tid:
11:00 - 13:00
Merkelappar:

Lokale

Fagerlund Barnehage
Røysumslinna 2
Gran, Innlandet 2770 Norway
+ Google-kart

Arrangør

Hadeland dialekt- og mållag