Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Terje Johanssen-dagene: Hesten, kælven og sauen

25. september 2020 @ 19:00 - 21:00

NOK200
Dag Solstad. Foto: Baard Henriksen

Hesten, kælven og sauen

25.-26. september 2020 inviterer styringsgruppa til litterære opplevingar med kåseri, diktlesing, musikk, poesivandring og jazzkonsert!

Fredag kveld 25. september vil DAG SOLSTAD kåsere på Folkvang. Elevar ved Hadeland vgs opnar kvelden med musikalske innslag, og LEIF HØGHAUG les frå boka si, Kælven.

Så avsluttar SIGMUND LØVÅSEN kvelden: Då han høyrde at kveldens tema er «Hesten og Kælven», kom det kjapt at han kunne jo sei litt om sauen! Løvåsen les dikt og frå romanar frå bygdeliv med jord- og skogbruk.

Inngang kr 200 inkl. servering. Vil du sikre deg plass; overfør 200 kr til Hadeland dialekt- og mållags konto 2020 22 05063 seinast 23.9.20. I meldingsfeltet skriv du ditt TLFNR og 25 (for fredag). Billetten får du ved døra.

Blir det ledig plass på Folkvang, kan du kjøpe billett med VIPPS eller kontant. (Vi vekslar ikkje.)

Hugs meteren. Velkommen til Folkvang!

Arrangementet vart avlyst i juni. No kryssar vi fingrane for at smittefara ikkje blussar opp att. Så fortsetter Litteraturfestivalen laurdag, sjå eiga hending 26. sept. 2020.

Detaljar:

Dato
25. september 2020
Tid:
19:00 - 21:00
Billettpris:
NOK200
Merkelappar:
, ,
Nettstad:
https://www.facebook.com/events/3006224652770512/

Lokale

Folkvang
Jarenvegen 72
2770 Jaren,
+ Google-kart

Arrangør

Hadeland dialekt- og mållag