Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Litteratur- og forfattermøte på Folkvang

3. juni 2022 @ 19:00 - 21:00

NOK200
Einar Økland. Foto: Ørjan Deisz, Bergens Tidende

I år blir «Terje Johanssen dagene – En litteraturfestival på Hadeland», arrangert for tiande gong. Det vil vi feire med eit fyldig og godt program. I år kjem forfattaren Einar Økland frå Sveio i Rogaland, forfattaren Bjørn Hatterud frå Brumunddal, årets litteraturkritikar Bjørn Ivar Fyksen fra Gran og Oslo, samt musikaren Hege Rimestad til Folkvang på fredagskvelden 3. juni.
Einar Økland vil også delta i morgon, laurdag.

Einar Økland er ein av dei verkeleg store i norsk litteratur dei femti siste åra. Han var ein av Profilforfattarane og har ein stor og variert produksjon. Økland har skrive innanfor dei fleste litterære sjangre. Kanskje mest kjent er han for dikta sine og dei ofte humoristiske og kloke prosatekstene. Han har fått Brageprisen og fleire litterære priser for forfattarskapet sitt. I fjor haust fekk han også eit eige TV-program, «Einars veg» på NRK i samband med at han fylte 80 år, sjå https://tv.nrk.no/program/KOID75006820. Vi er særs glade for å ha fått Einar Økland til Hadeland, og gler oss til han skal foredra om litteratur og eige forfattarskap, og lese eigne tekster.

Bjørn Hatterud vart landskjent i fjor for boka si «Mjøsa rundt med mor – ei livsreise». Boka fekk gode kritikkar, og Hatterud vart tildelt kritikarprisen for beste sakprosabok for vaksne i 2020. Mellom anna vart det sagt at boka var «ei hyllest til ein oppvekst, ein generasjon, eit geografisk område og ikkje minst til ei mor.». Hatterud vil bli intervjua av Bjørn Ivar Fyksen, kåra til årets litteraturkritikar.

Fyksen er frå Gran, har doktorgrad om Prøysen og har gitt ut boka «Almuens opera». Han har vore redaktør av og er litteraturkritikar i Bokmagasinet.

Hege Rimestad, norsk fiolinist og komponist, kjent som pioner på elektrisk fele vil stå for dei musikalske innslaga under arrangementet. Ho bur nå på Gran, og er kjent for dei fleste for tida si i gruppene Veslefrikk og Amtmandens døtre (1974; videreført i «Halvsøstra»). Ho har spela og samarbeida med fleire sentrale norske musikarar, mellom anna Mari Boine og Geirr Lystrup. Hege Rimestad vil både spele fele og syngje eigne komponerte låtar.

Billettar: Vaksne: 200 kr – ungdom 12-17: 50 kr – kan kjøpast på førehand her: https://www.kulturhadeland.no/forfattermote-terje-johanssen-dagene-j2pat4/

Takk til Innlandet fylkeskommune, Kulturrådet, SpareBankstiftelsen Gran, Gran kommune og Norsk Forfattersentrum som gjer festivalen mogeleg.

Detaljar:

Dato
3. juni 2022
Tid:
19:00 - 21:00
Billettpris:
NOK200
Merkelappar:
, ,
Nettstad:
https://www.kulturhadeland.no/forfattermote-terje-johanssen-dagene-j2pat4/

Lokale

Folkvang
Jarenvegen 72
2770 Jaren,
+ Google-kart

Arrangørar

Hadeland dialekt- og mållag
KulturHadeland