Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Terje Johanssen-dagene: poesivandring og jazzkonsert

26. september 2020 @ 11:00 - 14:00

Kr.100
Terje Johanssen. Foto: Gyldendal forlag

«Terje Johanssen-dagene, en litteraturfestival på Hadeland» fortsetter laurdag 26.10.2020 med oppmøte kl. 1100 ved Fagerlund barnehage.

Her startar poesivandringa med diktlesing av GERD NYLAND.

Vi går opp Langgutua til Sct Petri, og på vegen tek vi pausar med innlagt diktlesing, m.a. er Terje Johanssen sitt dikt «Opp Langgutua» sentralt. LEIF HØGHAUG, ELEVAR VED HVGS og RUNE CHRISTIANSEN les for oss på stoppestadene oppover.

Vel framme ved Sct Petri får vi kaffi og kringle.

Kl. 12.45 høyrer vi MANNSKORET KK på kyrkjebakken, før vi går inn i Sct Petri, som Terje Johanssen var så glad i. Her får vi jazzkonsert med musikarane KARL SEGLEM, HALLVARD GAARDLØS og songar HILDE BRUNSVIK. Diktlesing ved forfattar RUNE CHRISTIANSEN.

Billett kr 100 inkl. servering før konserten. I Sct. Petri er det berre plass til 30 tilhøyrarar dersom det kjem ein frå kvar husstand. Vil du sikre deg plass til konserten; overfør 100 kr til Hadeland dialekt- og mållags konto 2020 22 05063 seinast 23.9.20. I meldingsfeltet skriv du ditt TLFNR og 26 (for konserten). Billetten får du ved døra.

Blir det ledig plass den 26. september, kan du kjøpe billett med VIPPS eller kontant. (Vi vekslar ikkje.)

Hugs meteren og vel møtt!

Detaljar:

Dato
26. september 2020
Tid:
11:00 - 14:00
Billettpris:
Kr.100
Merkelappar:
, ,
Nettstad:
https://www.facebook.com/events/241715753562662/

Lokale

Tingelstad gamle kirke (St. Petri)
Kongevegen 88
2770 Jaren,
+ Google-kart

Arrangørar

Hadeland dialekt- og mållag
Hadeland jazzforum