Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Ut frå bygda og hemmatt

juni 4 @ 19:00 - 21:00

Gratis
«Terje Johanssen-dagene, en litteraturfestival på Hadeland» 4. og 5. juni er i rute. Fredag kveld 4. juni startar festivalen. På grunn av at Folkvang er opptatt, har vi fått lov å samlast i Gran bibliotek i staden.
Tema for kvelden er «Ut frå bygda og hemmatt». Vi får foredrag av forfattarane EDVARD HOEM og TOVE NILSEN! Edvard Hoem var gjest under litteraturfestivalen i Gamle Tingelstad kyrkje i september i fjor då kona Hilde Brunsvik song for oss, og han gler seg til å kome og la oss bli kjend med boka «Felemakaren» som han gav ut i fjor. Tove Nilsen vil tale om boka «Den eneste broren».
Til litteratur vil vi ha høveleg musikk. I år får vi høyre SIGVE LIBERG STIENG spele fiolin. Stieng er student ved Norges musikkhøgskole i Oslo og har fleire gonger fylt Moen kyrkje med vakre toner. Billett til fredagskvelden kr 200. (Førehandssal kjem vi tilbake til.)
Dette er plan A – for første tredel av «TERJE JOHANSSEN-DAGENE, EN LITTERATURFESTIVAL PÅ HADELAND» 4. og 5. juni 2021. Dersom det ikkje let seg gjere å gjennomføre i juni av smittevernomsyn, er plan B å flytte litteraturfestivalen til hausten, slik vi gjorde i fjor.
Per i dag, februar 2020, tilrår regjeringa at arrangement som samlar folk frå ulike kommunar blir avlyst eller flytta. Difor håper Hadeland dialekt- og mållag at landet har færre og færre nye covid19-tilfelle framover mot juni, slik at styringsgruppa kan gjennomføre litteraturfestivalen som planlagt.

Detaljar:

Dato
juni 4
Tid:
19:00 - 21:00
Billettpris:
Gratis
Merkelappar:

Lokale

Gran Bibliotek
Skolelia 3
Gran, Innlandet 2750 Norway
+ Google-kart

Arrangørar

Hadeland dialekt- og mållag
Gran Bibliotek