Vinjes mange stemmer
Tale for dagen på Gran 17. mai 2018 av Ottar Grepstad, direktør for Nynorsk kultursentrum
Godt folk!
«Ja, vi elsker dette landet», skreiv Bjørnstjerne Bjørnson. «Han såg ut på det bårute havet», skreiv Ivar Aasen. «No ser eg atter slike fjell og dalar», svara Aasmund Olavsson Vinje.
Det var mykje eg med Vinje, Han var ein individualist. Gjennom det meste av det han skreiv, såg han det heile gjennom sitt prisme. Det gav ettertida eit livsverk som blir feira 200 år etter at han blei fødd.

Kvar han enn kom, jamførte Vinje med det han visste frå før eller hadde sett andre stader. Vinje gjekk aldri i den sjåvinistiske fella der eins eige som regel er det beste, det fremste, det unike. Vel var han kry av det som kom frå Telemark, ja, så kry var han at det bikka heilt over ein gong. Den fremste spelemannen i landet, Torgeir Augundsson med kunstnarnamnet Myllarguten, skulle i 1849 spele sine første konsertar i Kristiania. Vinje var så redd for at Myllarguten skulle skjemme seg ut, og dermed skjemme ut deira felles bakgrunn, at han våga ikkje gå på ein einaste konsert.
Jamt over heldt Vinje likevel fast ved det kritiske blikket også mot sitt eige. Han jamførte ikkje på liksom. Der var fleire vakre natur- og kulturlandskap enn dei han atter såg i Telemark. Bygda var slett ikkje betre enn byen. Folk streva og skapte verdiar mange stader. Heller enn å opphøgje sitt eige og snakke ned alt anna såg han ulike fargar mange stader.
Dei fargane er ikkje like i alle kulturar. Vår vestleg-europeiske fargeskala er berre ein av fleire. Det handlar ikkje berre om kva auget ser, men også kva språket seier. Verda er ikkje svart eller kvit. Di meir ein veit, di vanskelegare blir det å vere sikker på at ein har forstått verda slik ein burde. Det er lettast å vere skråsikker på sitt eige når ein er usikker på dei andre.
Vinje forstod det han kom frå, men han forstod også dei andre. Iallfall greidde han å skape det inntrykket gjennom det han skreiv av dikt og prosa, og måten han skreiv på. Ein mann som var fødd i 1818, kunne vone at han iallfall skulle runde 60 år. Så gamal blei ikkje Vinje. I si ganske korte levetid levde han med store endringar – folk tok til å flytte til byane og ein teknologisk utviklingsoptimisme greip tak. Nesten heile sitt skrivande liv budde han i Kristiania, og der jubla han over alt nytt.
Berre ei endring var av det vonde. Kaffien. Bygdefolk tok til å drikke kaffi, dei drakk mykje kaffi. Kaffien måtte kjøpast, den kunne dei ikkje lage sjølve, som heimebrygget og heimebrenten. Kaffien vil utarme bygdene, sa Vinje og tok heilt feil.
Heldigvis er det lett å ta feil. Då den moderne mobiltelefonen var i kjømda i 1990-åra, ivra nokre forskarar for eit rart system som dei kalla sms. Utanom Telenor hadde dei færraste tru på ideen om å bruke nokre altfor små tastar som skrivemaskin. No greier knapt nokon seg utan. Skriftspråket sit i fingrane og er blitt den viktigaste infrastrukturen i samfunnet.
Vinje var ein individualist som skapte ein fellesskap. Det var ein fellesskap som blei forma gjennom det nye skriftspråket i landet Nynorsk er eit heilt vanleg språk i verda. Berre på eitt punkt skil nynorsk seg frå nær sagt alle andre språk. Vi veit kven den første brukaren var. Ivar Aasen var den første som skreiv det språket han hadde funne. Vinje var den andre. I fleire år var det berre dei to.
Det er ikkje lett for nokon å skrive. Det var det heller ikkje for Aasen. Han brukte tiår på å bli god nok i eigne auge. På den tida var kyrkjeorgelet like mektig som sceneshowet i Melodi Grand Prix. Eg greier enno ikkje å skrive med fullt orgelverk, sukka Vinje i 1850-åra. Han var på veg inn i eit nytt skriftspråk som han jamvel skulle gjere til sitt levebrød, og han var usikker. Få år etter blei han så god at han skapte verk som enno ingen har greidd å gjere han etter.
Orgelet var meir enn eit bilete på språket. Det uttrykte samspelet mellom den eine røysta og dei mange, mellom den eine og alle i ein fellesskap. I vår tid er der eit anna slikt samspel. Aldri har barn og unge i Noreg skrive meir enn dei gjer no, og dei skriv helst til andre, og dei byggjer fellesskap. Gjennom språk blir fellesskap til, og den som er glad i sitt eige språk, har aldri nokon grunn til å trakke på språket til andre – anten det er dialekt, nynorsk, bokmål eller eit anna morsmål.
Alle fellesskapar og samfunn treng sine minne. I Noreg er 17. mai eit slikt minne og ei påminning.
Kanskje var 17. mai den viktigaste dagen i året for Vinje. Det første han fekk på trykk, var eit dikt nettopp om 17. mai i 1845. Seinare blei det mange dikt, talar og kommentarar til dagen. Eit år, det var i 1859, skreiv han to songar, og han heldt fire talar – alle på Eidsvoll.
Vinje song og talte forbi dei store orda, det verste folkeskryt, som han sa. Vi syng om fridom, men ikkje på vårt eige språk, sa han. Eige språk er beine vegen til fridom sa han, og tok litt sterkt i. Å hevde sin fridom krev mykje, sa han. Å tenkje på alle og ikkje berre seg sjølv, er samfunnsånd, sa han. Vi er det vi sjølve gjer oss til, sa Vinje: «Vilja vi verda gilde Folk, so kunna vi verda det, og vilja vi verda Fantar, so er det Raad til dess og.»

Foto: Ragnar Torbergsen
17. mai-tankane hans rammar inn livsverket hans. Denne dagen er det plass for både det individuelle og det kollektive. Det blir ingen fellesskap for fridom og sjølvstende utan at kvar og ein bryr seg. Demokratiet tek til i det små. Det kan vere ubehageleg. Det er så mykje greiare å halde seg utanfor eller vere anonym. Men demokrati er det motsette av anonymitet. Det er å ta ordet og stå for det. «Våg å stå som Daniel», heiter det i ein barnesong som blei skriven det året gravsteinen til Vinje blei avduka her utanfor.
Vinje var Aasens utanriksminister, har ein klok mann sagt. Dermed sa han også kven som var det nynorske språkets statsminister. Ivar Aasen gav den anonyme eit språk og ein sjølvtillit til å stå fram og delta i fellesskapen. Slik fekk folkesjela si stemme, mange stemmer. Det språket vi har, er der for å bli brukt, der vi er, på kvar vår stad, i kvart vårt liv.
Folk etter oss vil få den lykka å kunne dra ut alle stemmene i orgelet og spele med fullt verk, skreiv Vinje håpefullt i 1868. Der fekk han rett. I dag blir det skrive verdslitteratur på nynorsk, og saman med bokmål er nynorsk mellom dei hundre mest vitale skriftspråka i verda ifølgje amerikanske forskarar. Der er 7000 språk som ikkje er det.
I ein fellesskap er det mange som har rett, men ein fellesskap er noko anna enn eit fleirtal. Den som er i fleirtal, blir gjerne blind for eiga makt og stiller sjeldan spørsmål om sin eigen posisjon. Vinje tok lite for gitt, men prøvde å forstå. Han tok inn verda og hevda sitt eige utan avstand til dei andre. Den som aldri har vore utanfor, forstår ikkje kva det vil seie å kome innanfor. Vinje var eit meir moderne og ope menneske enn mange er i dagens Noreg.
Difor er 17. mai ikkje den viktigaste dagen. Den viktige dagen er kvar dag etterpå og kva vi gjer når blomane har visna, musikken stilna og talarstolen står her tom. Det er då det gjeld å ta til motmæle om ei jente blir sjikanert fordi ho skriv nynorsk, eller fordi ein gut enno ikkje er blitt like norsk som fleirtalet. Det er då det gjeld å gjere som Ivar, Maria, Medna. Våg å stå som Aasmund – dra ut kvar dykkar stemme og trø til i det orgelet som vi kallar Norge eller Noreg.
Då kan vi neste år med god grunn på ny rope Hurra for dagen! – Og ha du takk, Aasmund Olavsson Vinje!