HADELAND DIALEKT- OG MÅLLAG SI PERSONVERNFRÅSEGN
Oppdatert 28.02.2018
Denne personvernfråsegna handlar om korleis Hadeland dialekt- og mållag – Hdml – samlar inn og brukar personinformasjon.
Hdml, ved styreleiar, er ansvarleg for lagets handtering av personopplysningar. Fråsegna inneheld opplysningar du har krav på å kjenne til når det gjeld innsamling av informasjon frå nettstaden vår (personopplysningslova § 19) samt generell informasjon om korleis vi handterer personinformasjon (personopplysningslova § 18 1.ledd).
NETTBASERT HANDSAMING AV PERSONOPPLYSNINGAR
Styreleiar har det daglege ansvaret for Hdml si nettbaserte handtering av personinformasjon på hadeland-dml.no, med mindre anna er sagt her. Dei som vitjar nettsida kan sjølv velgje å skriva inn personinformasjon når det gjeld tenester som å melda seg inn i mållaget, sende ei melding til laget o.s.v. Handteringssgrunnlaget er samtykke frå kvar enkelt, med mindre anna er spesifisert.
Hdml er data-handsamar for og utviklar av hadeland-dml.no. UniWeb er óg data-handsamar for hadeland-dml.no. Dei er vertar for netthotellet som nettstaden vår ligg på, og dei driftar dette hotellet. Informasjonen som blir samla inn når det gjeld drift av nettstaden, blir lagra på særskilte tenarmaskiner, som blir drifta av UniWeb.
NETTSTATISTIKK
Hdml samlar ikkje inn avidentifisert informasjon om dei som vitjar hadeland-dml.no.
INFORMASJONSKAPSLAR
Hdml sin nettstad brukar informasjonskapslar (óg kalla cookies). Når du tillet informasjonskapslar i nettlesaren din, har du samtykka i at nettstaden du vitjar kan bruke desse kapslane. Det gjeld og hadeland-dml.no. Dersom du skrur av informasjonskapslar i nettlesaren din, kan vi ikkje gå gode for at nettstaden vår virkar som den skal.
Lagring av informasjon og handsaming av denne informasjonen er ikkje lovleg dersom ikkje brukar er blitt gjort kjent med at slik handsaming går føre seg. Brukar skal óg gje sitt samtykke til slik handsaming. Brukar skal få vite kva slags informasjon som blir samla inn, kvifor han blir samla inn, korleis det blir gjort og kven som handsamer informasjonen. Dette vedtaket kom med den reviderte ekom-lova i 2013 og blei kalla «cookie-paragrafen» (ekomlova § 2-7b).
Vi brukar desse informasjonskapslane på hadeland-dml.no:
Førstepartskapslar:
WordPress og WordPress innstikksmodular
Informasjonskapslar, som er naudsynte av tekniske årsaker. Sjå her for meir informasjon om korleis WordPress nyttar informasjonskapslar.
Tredjepartskapslar:
Facebook
Innstikksmodulen i høgre sidefelt.
SØK
Hdml lagrar ikkje informasjon om dei søkeorda brukarane skriv inn.
E-POST OG TELEFON
Hdml nyttar e-post og telefon som ein del av det daglege arbeidet. Styreleiar har det daglege ansvaret for handsaming av personinformasjon i samband med dette.
Hdml sine tillitsvalde nyttar sine eigne e-postkontoar når dei er i dialog med interne og eksterne kontaktar. Den enkelte er ansvarleg for å slette dei meldingane som ikke lenger er aktuelle. Når den tillitsvalde har avslutta vervet sitt, vil relevante e-postar normalt bli ført over til hans eller hennes etterfølgjar i vervet.
Vi sender ikkje sensitiv personinformasjon med e-post. Dersom vi får e-post som inneheld sensitiv informasjon, skal denne e-posten ikkje sendes vidare og den skal tas ut av e-postsystemet. Vi gjer merksam på at vanlig e-post er ukryptert. Difor oppmodar vi deg til å ikkje sende sensitiv informasjon eller informasjon, som er omfatta av teieplikt, med e-post.
Telefonsamtaler (telefonnummer frå og til, samt tidspunkt for samtalen) blir logga hos teleoperatørane. Våre tillitsvalde nyttar mobiltelefon i sin utgåande versemd. Dei tillitsvalde har ei oversikt over dei siste oppringingane på sine telefonar og er sjølv ansvarlige for å halde desse oversiktane ved like og å slette dei. Dersom ein telefonsamtale er knytta til ei enkeltsak, kan det hende at det blir skrive eit notat eller ein e-post etter samtalen. Det skjer ingen annan systematisk registering av telefonsamtalar, der innringar kan identifiserast.