Boka vår om hadelandsdialekta basert på Bjørn Liaklev si samling, skal vere ferdig til jolesalet. Vi kryssar fingrane!
Denne veka avsluttar Rolf Theil den siste, faglege finpussen i ordlista som vi gir ut som band 1 no i haust. Vi var 13 skriveføre hadelendingar som under pandemien på nyåret 2021, jobba med å skrive av kartotekkorta Grethe Bøe hadde scanna til oss. Dei reknearka vi fylde ut, redigerer Rolf Theil ferdig med lydskrift, kva ordet tyder og det heile. Vi gler oss til å høyre kva lesarane meiner om pionerarbeidet vårt!
Som kjent vart det altfor mykje arbeid og for mykje stoff til ei bok. Difor har redaksjonskomitéen og styret kome til å gje ut ordliste over dialektord og uttrykk som band 1. Slik som vi eigentleg hadde lagt opp til og søkt stønad til frå sparebankstiftelsane. Får vi selt nok av opplaget på 1000 bøker no i jolesalet, får vi inn kapital nok til å lage band 2 til neste år. Det håper vi inderleg, for vi har alt mykje godt stoff til band 2.
Redaksjonen har tenkt å gje medlemsrabatt på opptil 5 bøker per medlem. Alle som la så godt arbeid i å registrere bokstavane i reknearket, får sjølvsagt kvar si bok som takk for godt utført arbeid.
SAL AV BØKENE
Foreløpig har vi munnleg avtale med Brandbu Bokhandel, Norli i Vassenden og Hadeland Landhandel om sal av boka. Verken Lunner eller Jevnaker har bokhandel. Difor må vi prøve å få avtale med aktuelle butikkar om detaljsal av bøker i Lunner og Jevnaker.
Når vi har bøkene ute i butikkane, annonserar vi i Hadeland kvar ein kan få kjøpt boka.
«JULEMARKEDET PÅ GRANAVOLLEN» 26. og 27. november kl. 1100-1600
Her kan du møte våre blide medlemmer som vil selje boka og tilby deg medlemsskap i språkklubben vår.
Laurdag kl. 13-16 er både Bjørn Liaklev og Rolf Theil til stades for å signere bøker. Resten av redaksjonskomitéen stiller opp.
Bjørn er heldigvis med oss på jolemarknaden båe dagane. Dette er jo dokumentasjonen «hass Liaklev», og vi er veldig stolte av han og arbeidet hans.