Kantor Marit Wesenberg og sopran Kristin Bjerkerud vil framføre songar av Aasmund O. Vinje som Grieg har sett melodi til, i Nikolaikirken.
150 år sidan Vinje døydde
Aasmund Olavsson Vinje og Edvard Grieg (1)
Kantor Marit Wesenberg og sopran Kristin Bjerkerud vil framføre songar av Aasmund O. Vinje som Grieg har sett melodi til, i Nikolaikirken.
Dikt av Aasmund Olavsson Vinje
Gunvor Raastad og Kari Røken Alm legg på krans og les dikt av Vinje.
Kva hende på Granavollen 30. juli 1870?
30. juli i sommar er det 150 år sidan Aasmund Olavsson Vinje døydde

Arven
Vinje lot etter seg ein rik kulturarv. Mest kjend er han vel som diktar, men han var óg ein banebrytande journalist og redaktør, målmann og ivrig samfunnsdebattant. Me kan heller ikkje gløyme at han var pådrivar til stiftinga av DnT og ein nasjonsbyggar i ei opprivande tid for landet vårt på midten av 1800-talet.
På Granavollen har me heidra Vinje kvar 17. mai frå 1964, då lærar Jon Løyland inviterte Telelaget opp frå Oslo. Telelaget stilte med talar og fane, og skuleborna stilte med norske flagg. I sommar vil Hadeland dialekt- og mållag markere at det er 150 år sidan Vinje gjekk ut av tida. Det gjer me på to måtar.
Fysisk markering
For det første inviterar me til ei fysisk oppleving på Granavollen i samarbeid med kyrkja, på Vinjes dødsdag 30. juli: Mållagets Gunvor Raastad les dikt og legg på krans frå kommunane Vinje og Gran. Så følgjer kyrkja opp med to konsertar: Kantor Marit Wesenberg og sopran Kristin Bjerkerud vil framføre songar av Aasmund O. Vinje som Grieg har sett melodi til, i Nikolaikirken. Det vert to konsertar etter kvarandre fordi me, på grunn av fare for koronasmitte, må ha «meteren» mellom oss frå skulder til skulder.
Mediemarkering
For det andre vil me markere Vinje i media. Difor har me kontakta nokre aviser for å tilby eit eksklusivt innslag om Vinje, skrive av ein foredragshaldar frå seminaret «Vinje i ei ny tid» i april, som me måtte avlyse. Målet med mediemarkeringa er å løfte fram litt av arven etter Vinje og vise at me hadelendingar er stolte av han. I samtalar med forfattarar og redaktørar har vi fått høyre mange artige historier. Eivind Blikstad har skrive bok om Vinje som kom ut i 2018. Han fortel at for å kunne stemme ved val måtte ein ha borgarbrev, og for å få borgarbrev måtte ein eige fast eigedom. Den unge læraren i Mandal fekk kjøpt seg ein holme i Skogsfjorden. Med den fekk han det viktige brevet ved personleg oppmøte i Kristansand, men historia om Vinje sitt borgarbrev slutta ikkje der. På folkemunne vart det sagt at holmen var så liten at sjøen fløymde over han ved flo sjø. Vinje hadde difor berre stemmerett ved fjære sjø.
Solbjørg Kvålshaugen driv turisthytta Fondsbu og viser tilreisande rundt på Eidsbugarden. Dessutan elskar ho å diskutere politikk, og på FB-sida si seier ho si ærlege meining om mangt og mykje. Ho skreiv ein gong at ho elskar ein god debatt – akkurat som A.O. Vinje gjorde. Ho har funne ein sjeleven i vår felles Vinje.
Kom til sin gode ven
Berre 52 år gammel og dødssjuk, hadde Vinje reist i fleire dagar for å nå fram til sin gode ven kapellan Anton Chr. Bang på Presteenkesetet Sjo. Olav Vesaas skriv at Vinje kom med denne viljeserklæringa i samtalane sine med Bang: «Hvis han døde paa Hadeland, vilde han blive begraven paa Grans Kirkegaar, ikke i Kristiania; thi han likte ikke Kirkegaarden derinde». Bang såg til at venen fekk viljen sin og gav Vinje ein heidersplass på kyrkjegarden vår. I dag stoppar mange besøkande opp ved dette kulturminnet og får høyre Kari Røken Alm fortelje kvifor mannen med tvisynet er gravlagd her hos oss.
Kjem du over ein kronikk eller artikkel om Vinje i sommar, kan det hende at det er Hadeland dialekt- og mållag som står bak. Vår erfaring er at A.O. Vinje diverre ikkje er så godt kjend som gode Vinje-kjennarar likar å tru. Håpet er at det som kjem ut i media blir lærerikt og verdt å lese for dei fleste av oss.
Eg avsluttar med eit vers frå songen Ivar Aasen skreiv til avdukinga av bysta av Brynjulf Bergslien i 1873, eit sitat frå boka Ein tankens hærmann av Olav Vesaas:
Det kom ein Gut or Vinje-Grend, Til større Ljos han traadde; Han vardt i Landet vida kjend, Og vidt hans Tale naadde. For alt sitt Tykkje kunde han i Song og Segner greida, og all den Gledskap, som han fann, han um seg vilde breida.
Reidun Ramse Sørensen
Hadeland dialekt- og mållag, leiar
17. mai 2020 og andre arrangement
17. mai 2020
Det er fleire som spør om det vil skje noko ved Vinjes grav 17. mai. Vi har jo avlyst den tradisjonelle minnestunda, og Åsulv Edland kjem diverre ikkje denne 17. mai heller. Han vart jo forhindra av sjukdom i fjor. Leiar i Hadeland dialekt- og mållag kjem til å legge på krans til vanleg oppmøtetid på morgonkvisten. Men vi kallar det ikkje «arrangement», for då må vi som arrangør føre liste over kven som er til stades og står nær kvarandre i minst 15 min – eller ta påmelding og ha folk til å telle til 50 og avvise om vi skulle bli fleire. Vi gjer det enkelt.
Terje Johanssen-dagene, en litteraturfestival på Hadeland
5. og 6. juni er avlyst.
30. juli 2020: Markering av at det er 150 år sidan A.O. Vinje døydde
Prosjektleiar for det avlyste seminaret, Torill Nedberge Klevmark, jobbar no med å få til ei markering i media med innslag om Vinje.
Kl. 18.00 ved minnestøtta vil Gunvor Raastad og Kari Røken Alm legge på krans og lese dikt av Vinje.