Mannskoret KK er medarrangør og syng songar av Vinje.
Denne gongen har Hadeland dialekt- og mållag invitert Nina Refseth til å halde minnetalen over Vinje. Ho er direktør for Norsk Folkemuseum i Oslo, og vi gler oss til å høyre kva for sider ved Vinje som ho vil legge vekt på i talen sin.
Bli med og syng «Blåmann, Blåmann».
Krans frå kommunane Vinje og Gran.
Vel møtt til ei hyggeleg, fysisk samlingsstund! (Det er ikkje ei digital hending.)