Koronapandemien gjorde all planlegging av arrangement svært usikker, men både minnehøgtidene og «Terje Johanssen-dagene, en litteraturfestival på Hadeland» vart gjennomført som planlagt. Det mest merkbare var at strenge smitteverntiltak halverte talet på innandørs publikum.
AASMUND OLAVSSON VINJE
Kvar morgon 17. mai inviterer vi til minnemarkering ved bautasteinen over Aasmund Olavsson Vinje, i godt samarbeid med kyrkja i Gran. I fjor heldt Åsulv Edland minnetalen. Han var blitt pensjonist og ville gjerne fortelje om den historiske Storegut, han som vaks opp som den eldste i ein syskenflokk på ti. Eldstemann fekk to yngre brør som også fekk namnet Olav. Slik vart den eldste heitande Storegut og dei to yngre Mellom-Olav og Lisl’-Olav. Vinje let far deira, Olav Olavsson Æddand (i normalisert form Edland), bli forteljaren i diktverket sitt om Storegut. Åsulv Edland vaks opp på nabogarden i grenda Edland i Vinje og kjende godt til kjempekaren Storegut som vart rollefigurar for Aasmund Olavsson Vinje sitt store diktverk. Dette var tredje året Edland førebudde seg på å halde minnetalen, og endeleg fekk vi det til. Tilhøyrarane heldt god avstand til kvarandre, men vi sakna Mannskoret KK som ikkje hadde fått lov til å synge pga smittefare.
Den andre, årvisse minnemarkeringa vår er Vinje sin dødsdag 30. juli. I fjor var det flott sol og mange tilhøyrarar samla seg på kyrkjebakken for å heidre Vinje saman med Gunvor Raastad og Kari Røken Alm frå mållaget. (Biletet)
«TERJE JOHANSSEN-DAGENE»
Heldigvis kunne styringsgruppa gjennomføre festivalen 4. og 5. juni 2021, med streng regi på smittevern. Fredag inviterte vi til forfattarmøte med Tove Nilsen og Edvard Hoem, som fortalde og las frå sine siste bøker «Den eneste broren» og «Felemakaren». Vår eigen Sigve Lieberg Stieng framførde så nydeleg på fele, nettopp dei tre musikkstykka Hoem hadde nemnd i boka si, og det viste Hoem å sette pris på. Gran bibliotek var fullt, med 50 av 50 mogelege tilhøyrarar.
Laurdag møtte 24 sportskledde til poesivandring opp Langgutua med innlagt diktlesing av Leif Harald Høghaug, Martha Kjørven og Joanna Radkowska. I Tingelstad gamle kyrkje Sct. Petri, fekk vi høyre Håkon Kornstad på saksofon og diktlesing av Kjørven og Radkowska. Fullt hus der óg, med publikum på 30, som var det maksimale vi kunne sleppe inn.
Tusen takk til Sparebankstiftelsen Gran, Norsk kulturråd og Gran kommune som gjorde det mogeleg å gjennomføre festivalen.
Styringsgruppa er sett saman av Arnfinn Nilsen, Ellinor Kolstad, Audun Vinger, Bitten Nesbakken og Reidun Sørensen.
BOK OM HADELANDSDIALEKTA: Mållaget har ein redaksjonskomité som arbeider med bok om hadelandsdialekta basert på Bjørn Liaklev si samling av dialektord og uttrykk. Komitéen gjorde eit ærleg forsøk på å få boka ferdig til jolesalet i fjor, men arbeidet er svært omfattande. I mai innsåg vi at vi måtte utsette bokpresentasjonen til jolesalet i 2022. Vi har fått lovnad om gåver frå Sparebankstiftelsen Gran og Sparebankstiftelsen JLN. Men boka blir tjukk. Det er mykje godt stoff som skal inn, i tillegg til ordlistene. Hadelendingane har all grunn til å vere stolte av dialekta si.
Redaktør for boka er lingvist og språkprofessor Rolf Theil, som har dokumentert fleire afrikanske språk på same måte som Ivar Aasen gjorde då han traska rundt i landet, samla inn og skreiv ned landsmålet på 1800-talet. Rolf kan om lag 50 språk. Den siste boka hans kom ut 18. februar 2022. Det er ei ABC-bok på Romani shib (romanes), språket til dei norske romane (sigøynarane). Med seg i redaksjonskomitéen for boka vår har han lektor og dialektekspert Bjørn Liaklev, datakonsulent Grethe Bøe og Reidun R. Sørensen frå styret.
Elles har språkklubben vår gitt klassesett av antologien «Vegar ut til alle kantar» i gåve til Brandbu u-skole og Hadeland vgs. Desse bøkene håper vi vil gje elevane gode leseopplevingar.
ÅRSMØTA var digitale både i fjor og i år. I fjor fekk vi høyre innleiing av leiar i Noregs Mållag, Peder Lofhus Hauge. I år var vi så heldige å få Stein Buan til å kåsere og synge for oss, men sidan vi måtte flytte årsmøtet frå eit fysisk møte på Hjertebo til skjerm, vil vi få høyre Stein sitt kåseri til hausten i staden. Stein er dessutan ein av hadelendingane som har skrive ei lita historie til dialektboka vår på talemålet sitt.
STYRET har hatt seks styremøte (to fysiske) i 2021. Laget har FB-side Hadeland dialekt- og mållag og ei nettside der vi har lenker til FB-sida og eit dokumentarkiv for spesielt interesserte. I fjor hadde vi 44 medlemmer, to færre enn i 2020.
Det nye styret ser slik ut: Leiar og skrivar Reidun R. Sørensen, nestleiar Vemund Viken, styremedlemmer Torill Nedberge Klevmark, Inger Marie Højfeldt og Grethe Bøe (ny). Varafolk Jan Reidem (ny) og Anne Berit Rækken (ny). Rekneskapet blir fortsatt ført av Einar Raastad. Kontrollør Arnfinn Nilsen (ny). Valkomité Kari Røken Alm og Vemund Viken (ny).

Tekst: Reidun Ramse Sørensen