Program:
- 09.00: Minnetale ved Åsulv Edland. Blomekrans frå kommunane Vinje og Gran
- 09.15: Frukost på Granavolden Gjæstgiveri, kr 395 per person. Påmelding til seinast 11. mai.
Minnehøgtida i år blir nesten like enkel som i fjor, men i år blir det i allefall eit lite «arrangement». Kommunelegen er komfortabel med at vi står ute og held reglar og anbefalingar.
Kvart år heidrar vi Aasmund Olavsson Vinje som er gravlagd på Granavollen. I år er det journalist Åsulv Edland som vil halde minnetalen. Han vil fortelje oss om den historiske Storegut som vaks opp på grannegarden: Olav Olavsson Edland vart fødd på Nordigard i Edland i 1764. Han forsvann under gjeting i Bordalen sommaren 1791 og vart aldri funne. Forsvinninga var godt kjend blant bygdefolket, og Vinje bruka han som rollemodell i diktsamlinga si Storegut.
I år syng vi ikkje, og du får ikkje program på papir. Vi held avstand og brukar munnbind. Du går til ein av dei tre som skriv opp namn og telefonnummer. Når du/de er registrert, stiller vi oss opp ute med 2 meters avstand til ikkje-husstandsmedlemmer.
Møt gjerne til vanleg tid kl. 08.45. Dersom vi blir mange, tek det tid å registrere namn og nummer.