Arbeidet med dialektboka for Hadeland skrir fram! Prosjektleiar Rolf Theil har jobba lenge med bokstaven S, den mest omfangsrike i samlinga. S-en delte vi opp i tre delar då vi fordelte registreringa av ord og uttrykk frå kartotekkorta i Bjørn Liaklev si samling i fjor.
No har Grethe Bøe laga tekstfil av reknearket Jan Reidem m.fl. starta å arbeide med.
Hald deg fast: S-en har heile 642 oppslagsord som Bjørn Liaklev får til korrektur. Ein bokstav dekker 70 A4-sider i den eine ordlista. Så skal vi ha omvendt ordliste….. Kor tjukk blir denne boka?
