• Skip to primary navigation
  • Skip to main content
  • Skip to primary sidebar
  • Skip to footer

Hadeland dialekt- og mållag

  • Heim
  • Styret
  • A.O. Vinje i media
  • Dokumentarkiv
  • Kontakt oss
  • Meld deg inn!
  • Personvern

namnesak

Vårt høyringssvar til namnesaka i Lunner kommune

5. februar 2020 av Grethe Bøe

Professor Emeritus Rolf Theil, medlem i Hadeland dialekt- og mållag. Foto: Wikipedia

 :

Høyringssvar i namnesak 2019-362

Vi viser til brev og vil gjerne uttale oss i namnesaka. Vi vil presisere at saka gjeld korleis stadnamn skal skrivast, ikkje slektsnamn.

Fordi dialekta vår er under press, tilrår vi i Hadeland dialekt- og mållag på generelt grunnlag å skrive stadnamn i samsvar med den tradisjonelle uttala. Om vi ikkje gjer det, kjem desse uttalemåtane til å døy ut ganske snart, fordi så mange aldri har høyrt namna uttala, men berre lese dei utifrå den danske skrivemåten. Likeins bør ikkje skrivemåten gøyme opphav og tyding.

Grua/Malmgrua

Formene Grube og Malmgruben kjem frå dansk skriftspråk. Tettstaden Grua har namnet sitt etter denne garden, og vi meiner det er naturleg at garden heiter anten Malmgrua eller berre Grua, som er lokal uttale av gruva (nn).

Balangrud

Balangrud, med kort a og «tjukk l», er tradisjonell lokal uttale på plassen. Difor bør stadnamnet skrivast med éin l, og ikkje med dobbel ll (Ballangrud), som gjev inntrykk av at ordet har «tynn l».

O. Rygh skriv i Norske Gaardnavne at førsteleddet balang moglegvis kjem frå norrønt bolungr «stabel av samanlagde stokkar/tømmeret i ein husvegg». I så fall er Balangrud med éin l også ein meir korrekt skrivemåte frå ein historisk synsstad enn Ballangrud. I norrønt var vokalen kort, som han framleis er i tradisjonell uttale.

Skrivemåten Balangrud, med enkel l, er kjend frå så tidleg som frå 1300-talet, før danske embetsmenn skreiv om norske stadnamn til dansk.

Tilsvarande finn vi i gards- og stadnamnet Falang, uttala med «tjukk l», og slektsnamnet Fallang.

Når eit ord har «tjukk l» i uttalen i dag, var det alltid éin l på norrønt, aldri dobbel l. Når stadnamnet har vore uttala i generasjonar (truleg i minst 700 år) med «tjukk l», er det eit utvitydig teikn på gamal enkel l  i stadnamnet i norrønt, fortel professor emeritus ved UiO og medlem i Hdml, Rolf Theil, Jevnaker.

Balangrudsætra

Vi tilrår Balangrudsætra med enkel l av same grunn som for Balangrud.

Vi tilrår skrivemåten Balangrudsæterhøgda på åsen, som er i tråd med lokal uttale. Det er viktig at det står æ i -sæter for å ta vare på lokal uttale på staden. Skrivemåten med æ er også historisk korrekt; jamfør norrønt sætr.

Kalderassen

Gustav Indrebø skriv på s. 107 i Norske innsjønamn i Upplands fylke (Kristiania 1924) at etterleddet ikkje kjem av rast, men er eit skjemtande namn, av rass «bakluten, rumpa». Lokal uttale i dag er med tydeleg -e, «Kallerassen». Namnet kjem av ein kald rass.

Det ser ut til at Gustav Indrebø (107 i Norske innsjønamn i Upplands fylke, Kristiania 1924) ikkje er i tvil om at fyrsteleddet er adjektivet kald. Han skriv på same sida at kald som forledd på innsjø- og elvenamn er vanleg i både Noreg og Sverige.

Vi foreslår skrivemåten Kalderassen, med ld, sidan førsteleddet utan tvil er adjektivet kald. Meininga bak namnet må ikkje blandast saman med «kall» i tydinga «mann». Dersom vi tek vekk d-en og skriv t.d. «Kallerassen» kan det sjå ut som Kalle er eit namn på ein person, og det vil ikkje vera openbert at det er temperatur namnet seier noko om. Då har vi øydelagt for at etymologien i ordet er synleg, og til inga nytte: Om nokon uttaler denne d-en har dei særs liten kjennskap til norske reglar for uttale.

Køllerputta

Hadelandsmålet har a-ending i hankjønn fleirtal bestemt form, og vi tilrår å bruke skrivemåten Køllerputta.

Den tradisjonelle uttalen Køllerputta er òg nemnd på s. 114 i boka Norske innsjønamn i Upplands fylke (Kristiania 1924) av Gustav Indrebø. Skrivemåten med ø gjev att tradisjonell uttale betre enn skrivemåten med o (Kollerputta). Indrebø skriv Køllerputta med både ø og a.

Viubråtan

Lokal uttale er ein bråta, bråtan. Vi meiner at vi bør skrive jamvektsorda våre sånn dei vert uttala for å ta vare på dette særtrekket i dialekta, og ikkje byte ut a-en med e, sjølv om det er normert i både bokmål og nynorsk. 

O. Rygh skriv i Norske Gaardnavne at den tradisjonelle uttalen er Viubråtån.

Selahøvret

Skrivemåten med a gjeld òg for Selahøvret, som har den tradisjonelle uttalen «Sælahøvvre» (med «tjukk l»); sjå s. 101 i boka Norske innsjønamn i Upplands fylke (Kristiania 1924) av Gustav Indrebø. Her ønskjer vi å få fram at stadnamnet viser til seletøy, ikkje til det å gjere andre «sæle», lukkelege og glade. Skrivemåten med e er også historisk korrekt; jamfør norrønt sela-.

Beste helsing

Reidun Ramse Sørensen,
leiar for Hadeland dialekt- og mållag

Filed Under: Anna nytt Tagged With: høyring, namnesak

Høyring om namnesak i Lunner kommune

24. januar 2020 av Grethe Bøe

Lunner kommune har sendt namnesak på høyring med svarfrist 5. februar: Namnesak 2019-362 er reist av Kartverket og Stadnamntenesta og gjeld konkret Malmgruben m.fl. Klikk her for å sjå vedlegg.

Har du informasjon om lokal dialektuttale på nokon av desse, ta kontakt med Hadeland dialekt- og mållag v/ Reidun Sørensen, tlf. 922 98 745, seinast 3. februar 2020.

Lenker:

Lenke til høyringssaka på kommunen si nettside: https://www.lunner.kommune.no/navnesak-paa-lokal-hoering.6240788-297042.html

Lenke til Språkrådet si nettside: https://www.sprakradet.no/Sprakarbeid/Stedsnavn/Skrivematen-av-stedsnavn/Gards–og-bruksnavn/

Lenke til lovdata med lov om stadnamn; https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1990-05-18-11?q=stedsnavnloven og forskrift; https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2017-05-23-638

Filed Under: Nyhende Tagged With: høyring, namnesak

Primary Sidebar

Facebook

Facebook Pagelike Widget

Footer

Ordbøker

  • Lexin-ordbøkene
  • Ordbøker: bokmål og nynorsk
  • Språkrådet si bokmål -> nynorsk ordliste

Om oss

Hadeland dialekt- og mållag
v/leiar Reidun Ramse Sørensen
Haugsbakklia 12
2770 JAREN

Telefon 922 98 745
Send ein epost

© 2021 Hadeland dialekt- og mållag · Org. nr. 916 301 109