
I kommunestyremøtet torsdag 13. april vedtok Gran kommunestyre samrøystes å heidre forfattaren Kirsten Langbo. Plassen mellom kjøpesentra Granstunet og Smietorget i Vassenden heiter no Kirsten Langbos plass.
Hadeland dialekt- og mållag sende i fjor eit brev til Gran kommune, der vi gjorde framlegg om at plassen mellom kjøpesentra burde kallast opp etter Kirsten Langbo. Framlegget vart handsama administrativt i kommunen med «nei» som svar. Saken vart så teke opp politisk som interpellasjon i Gran kommunestyre av representanten Øyvind Kvernvold Myhre frå Gran Bygdeliste. Deretter vart saka sendt på høyring, ei høyring Hadeland dialekt- og mållag ikkje vart invitert til å vere med i.
Saken kom så opp som ordinær sak til kommunestyremøtet den 13. april, der Gran Arbeiderparti og Gran Bygdeliste vart samde om fellesforslaget «Kirsten Langbos plass» etter loddtrekking.
Hadeland dialekt- og mållag sitt opphavelege forslag var «Kirsten Langbos torg», og Gran Arbeiderparti støtta dette forslaget. Gran Bygdeliste sitt forslag var «Kirsten Langbos plass». Ordførar Randi Eek Thorsen (Ap) såg for seg eit l-a-n-g-t ordskifte om det skulle heite «plass» eller «torg», og ho ba partia bli samde i siste pause før saka kom opp. Gran Ap og Gran Bygdeliste avgjorde saka seg i mellom med å trekke lodd. Det var Bygdelista sitt forslag som blei trekt ut, og partia gjekk då for dette forslaget.
Kirsten Langbo

Kirsten Langbo var born nummer sju i ein ungeflokk på tretten. Ho vart fødd og vaks opp på garden Jorstad i Gran. Dei fleste kjenner henne som fast innslag i Barnetimen for dei minste på radio, der ho på hadelandsmål sang og fortalde muntre og røyndomsnære historier frå eit gardsmiljø i gamle dagar, først og fremst om veslejenta Berte, men også mykje om husdyr. Eitt sikkert kjennemerke var at ho herma ein trompetsolo i kjenningsmelodien «Bayersk polka» som innleiing til sendingane.
Kirsten Langbo var ei føregangskvinne for dialektbruk i etermediene og gjorde Hadeland kjend over heile landet med framføringane og forfattarskapen sin. I sine seinare leveår budde ho på Jaren, og brukte ofte å gå til Vassenden for å sitte på ein benk og prate med ungane – akkurat på den plassen som no har fått namnet hennar.