• Skip to primary navigation
  • Skip to main content
  • Skip to primary sidebar
  • Skip to footer

Hadeland dialekt- og mållag

  • Heim
  • Styret
  • A.O. Vinje i media
  • Dokumentarkiv
  • Kontakt oss
  • Meld deg inn!
  • Personvern

Terje Johanssen-dagene

Poesikonsert

25. april 2022 av Grethe Bøe

Helga Myhr. Foto: Johannes Selvaag

Laurdag held litteraturfestivalen fram med konsert i ærverdige Sct. Petri: Kom og høyr musikarane Helga Myhr og Henriette Hvidsten Eilertsen ! Kom og høyr Einar Økland les eigne dikt og Martha Kjørven lese dikt av Terje Johanssen.

Folkemusikar Helga Myhr kjem frå Ål i Hallingdal. Ho har vunne spellemannspris som medlem av bandet Morgonrode i kategorien folkemusikk/tradisjonsmusikk. Ho spelar hardangerfele og syng.

I kyrkja får du også høyre Henriette Hvidsten Eilertsen på fløyte. Soloalbumen hennar «Poems for flute» (Motvind) viser potensialet som ligg i å konsentrere eit musikalsk uttrykk rundt akkurat dét instrumentet.

Mellom musikkinnslaga vil forfattar Einar Økland frå Sveio lese eigne dikt. Einar er essayist, lyrikar, dramatiker, forfatter og kritiker. Han debuterte som lyrikar med diktsamlinga «Ein gul dag» i 1963 og har ein omfattande litterær produksjon bak seg.

Skodespelar Martha Kjørven les utvalde dikt av Terje Johanssen. Det var så vellukka i fjor, så vi har invitert Martha i år igjen.

Konferansier laurdag er Audun Vinger Johanssen. Audun er redaktør og kritikar. Han har skrive for Dagens Næringsliv og Jazznytt, vore redaktør i Gyldendal og er aktiv som programleiar. Audun vil sørge for at konserten får ei fin veksling mellom musikk og poesi. Audun kjem frå Jaren på Hadeland og er son av Terje Johanssen.

På dagen 4. juni 2022 er det 80 år sidan lyrikar Terje Johanssen vart fødd i Svolvær i Lofoten. Heile sitt vaksne liv budde diktaren på Jaren. I år vil styringsgruppa markere dagen 80 år etter hans fødsel og at vi har 10-årsjubileum for «Terje Johanssen-dagene, en litteraturfestival på Hadeland». Vi inviterer til ein heidundrande flott konsert!

Billettar får du kjøpt hos https://www.kulturhadeland.no/terje-johanssen-dagene-litteraturfestival-x7fwi5/ (og i døra om vi har ledig plass).

Stor takk til Innlandet fylkeskommune, Kulturrådet, SpareBankstiftelsen Gran, Gran kommune og Norsk Forfattersentrum som gjer festivalen mogeleg.

Tagged With: 2022, Litteraturfestival på Hadeland, Terje Johanssen-dagene

Litteratur- og forfattermøte på Folkvang

30. mars 2022 av Grethe Bøe

Einar Økland. Foto: Ørjan Deisz, Bergens Tidende

I år blir «Terje Johanssen dagene – En litteraturfestival på Hadeland», arrangert for tiande gong. Det vil vi feire med eit fyldig og godt program. I år kjem forfattaren Einar Økland frå Sveio i Rogaland, forfattaren Bjørn Hatterud frå Brumunddal, årets litteraturkritikar Bjørn Ivar Fyksen fra Gran og Oslo, samt musikaren Hege Rimestad til Folkvang på fredagskvelden 3. juni.
Einar Økland vil også delta i morgon, laurdag.

Einar Økland er ein av dei verkeleg store i norsk litteratur dei femti siste åra. Han var ein av Profilforfattarane og har ein stor og variert produksjon. Økland har skrive innanfor dei fleste litterære sjangre. Kanskje mest kjent er han for dikta sine og dei ofte humoristiske og kloke prosatekstene. Han har fått Brageprisen og fleire litterære priser for forfattarskapet sitt. I fjor haust fekk han også eit eige TV-program, «Einars veg» på NRK i samband med at han fylte 80 år, sjå https://tv.nrk.no/program/KOID75006820. Vi er særs glade for å ha fått Einar Økland til Hadeland, og gler oss til han skal foredra om litteratur og eige forfattarskap, og lese eigne tekster.

Bjørn Hatterud vart landskjent i fjor for boka si «Mjøsa rundt med mor – ei livsreise». Boka fekk gode kritikkar, og Hatterud vart tildelt kritikarprisen for beste sakprosabok for vaksne i 2020. Mellom anna vart det sagt at boka var «ei hyllest til ein oppvekst, ein generasjon, eit geografisk område og ikkje minst til ei mor.». Hatterud vil bli intervjua av Bjørn Ivar Fyksen, kåra til årets litteraturkritikar.

Fyksen er frå Gran, har doktorgrad om Prøysen og har gitt ut boka «Almuens opera». Han har vore redaktør av og er litteraturkritikar i Bokmagasinet.

Hege Rimestad, norsk fiolinist og komponist, kjent som pioner på elektrisk fele vil stå for dei musikalske innslaga under arrangementet. Ho bur nå på Gran, og er kjent for dei fleste for tida si i gruppene Veslefrikk og Amtmandens døtre (1974; videreført i «Halvsøstra»). Ho har spela og samarbeida med fleire sentrale norske musikarar, mellom anna Mari Boine og Geirr Lystrup. Hege Rimestad vil både spele fele og syngje eigne komponerte låtar.

Billettar: Vaksne: 200 kr – ungdom 12-17: 50 kr – kan kjøpast på førehand her: https://www.kulturhadeland.no/forfattermote-terje-johanssen-dagene-j2pat4/

Takk til Innlandet fylkeskommune, Kulturrådet, SpareBankstiftelsen Gran, Gran kommune og Norsk Forfattersentrum som gjer festivalen mogeleg.

Tagged With: 2022, Litteraturfestival på Hadeland, Terje Johanssen-dagene

Poesivandring opp Langgutua

30. mars 2022 av Grethe Bøe

Foto: Reidun Ramse Sørensen

«Terje Johanssen-dagene, en litteraturfestival på Hadeland» held fram laurdag med POESIVANDRING laurdag 4. juni kl. 1100-1230. Mannskoret KK syng for oss ved mål.

Blir du med på vandring opp Langgutua? Då møter du opp kl. 1100 ved Fagerlund barnehage (adr. Røysumlinna 2, Jaren). Målet for vandringa er Tingelstad gamle kyrkje, Sct. Petri (adr. Kongevegen 88, Jaren). Tips: Ta med deg vatn til turen. Det kan bli varmt å gå oppover her på solfylte dagar.

Konferansier Audun Vinger Johanssen vil ønske vel møtt til ei vandring i fotefara etter lyrikaren Terje Johanssen, som ofte gjekk denne gutua for å kome opp til «mitt hellige fjell», middelalderkyrkja Sct. Petri, som han var så glad i.

Ved barnehagen les forfattar Einar Økland eigne dikt. Oppover Langgutua tek vi pause to gonger og får høyre skodespelar Martha Kjørven lese dikt av Terje Johanssen og forfattar Tone Hødnebø lese eigne dikt.

I høve 10-årsjubileet for «Terje Johanssen-dagene» vil vi avduke to spennande plakettar undervegs i gutua, der det vil vere naturleg å ta ein pust i bakken. Slik håper vi Langgutua vil bli endå meir brukt som den flotte kulturstien vi har her.

Når vandrarane er oppe, blir de få enkel servering på kyrkjebakken ved Sct. Petri. Her vil Mannskoret KK stemme i med vårlege toner for oss kl. 12.45. Koret vart sakna i fjor. Då fekk dei ikkje lov å synge av smittevernomsyn. Men i år stiller koret opp med klangfull mannssong ved kyrkjeveggen. Vi gler oss!

Deretter går vi inn til jazzkonsert med poesi i Sct. Petri. (Sjå eiga hending med billettkjøp på førehand gjennom kulturhadeland.no

Tagged With: Litteraturfestival på Hadeland, Terje Johanssen-dagene

Litteraturfestival 4 – 5. juni 2021

17. oktober 2021 av Grethe Bøe

Her kjem eitt knippe bilete frå «Terje Johanssen-dagene – en litteraturfestival på Hadeland» som vart arrangert i juni 2021. Du kan klikke på bileta for å sjå dei i full storleik.

  • «Terje Johanssen-dagene, en litteraturfestival på Hadeland» samlar 50, fullt hus. Foto: Sørensen
  • Edvard Hoem fortel og les frå «Felemakaren». Foto: Inger Lise Stieng
  • Tove Nilsen les frå «Den eneste broren». Foto: Inger Lise Stieng
  • Konferansier er Arnfinn Nilsen, og Bitten Nesbakken har sørga for å servere biteti. Foto: Reidun Sørensen
  • Poesivandringa startar med dikt av Leif Harald Høghaug. Foto: R. Sørensen
  • Martha Kjørven les dikt av Terje Johanssen. Foto: Inger Lise Stieng
  • Joanna Radkowska les eigne dikt. Foto: Inger Lise Stieng
  • Poesi- og jazzkonsert med 30 tilhøyrarar, fullt hus. Foto: R. Sørensen
  • Konferansier laurdag er Audun Vinger. Foto: Inger Lise Stieng
  • Martha Kjørven les frå «Sct. Petri». Foto: Inger Lise Stieng
  • Joanna Radkowska les eigne dikt. Foto: Inger Lise Stieng
  • Saksofionist Håkon Kornstad. Foto: Inger Lise Stieng
  • Operasongar Håkon Kornstad. Foto: Inger Lise Stieng
Sigve Lieberg Stieng spelar «I ensomme stunde» av Ole Bull, som Hoem nemner i «Felemakaren». Video: Inger Lise Stieng

Filed Under: Nyhende Tagged With: Terje Johanssen-dagene

Poesikonsert

8. mars 2021 av Grethe Bøe

Vi møtast utanfor Tingelstad gamle kyrkje, Sct Petri, Kongevegen 88, Jaren.

På kyrkjebakken møter vi dei som har gått opp Langgutua. Sjølvsagt er du og velkommen utan å ha gått opp til Kongevegen.

Vi går inn til jazzkonsert med poesi i ærverdige Sct Petri, som lyrikar Terje Johanssen var så glad i. Her får vi høyre operasongar og saksofonist HÅKON KORNSTAD. Forfattar JOANNA RZADKOWSKA les eigne dikt, og skodespelar MARTHA KJØRVEN les dikt av lyrikar Terje Johanssen.

Billett til konserten, kr 200, kan du berre få kjøpt på nettsida kulturhadeland.no

Vi kan alle saman dette med å oppgi namn og telefonnummer, sprite hender, ha på maske, halde avstand – og halde ut!

Tusen takk til Sparebankstiftelsen Gran, Norsk kulturfond, Gran kommune og Norsk Forfattersentum som gjer festivalen mogeleg.

Biletet viser Håkon Kornstad. Foto: Helen Wesnes

Tagged With: Terje Johanssen-dagene

  • Go to page 1
  • Go to page 2
  • Go to page 3
  • Go to Next Page »

Primary Sidebar

Facebook

Facebook Pagelike Widget

Footer

Ordbøker

  • Lexin-ordbøkene
  • Ordbøker: bokmål og nynorsk
  • Språkrådet si bokmål -> nynorsk ordliste

Om oss

Hadeland dialekt- og mållag
v/leiar Reidun Ramse Sørensen
Haugsbakklia 12
2770 JAREN

Telefon 922 98 745
Send ein epost

© 2021 Hadeland dialekt- og mållag · Org. nr. 916 301 109