• Skip to primary navigation
  • Skip to content
  • Skip to primary sidebar
  • Skip to footer

Hadeland dialekt- og mållag

  • Heim
  • Vinjejubileet 2018 i Gran
  • Styret
  • Dokumentarkiv
  • Kontakt oss
  • Meld deg inn!
  • Personvern

Tips oss om kandidatar til dialektprisen for Hadeland!

19. januar 2018 av Grethe Bøe

Her får Hans Næss Hadeland Mållag sin dialektpris for 2010 av leiar i Hadeland Mållag, Reidun Ramse Sørensen. Foto: Avisa Hadeland

Hadeland dialekt- og mållag har tenkt å dele ut Dialektprisen for Hadeland 2018, etter 8 års avbrot. Veit du om nokon du meiner fortener prisen?

Vi ser etter personar som har vore eller er viktige for hadelandsdialekta, ei dialekt som på lik linje med dei fleste andre dialektane i i landet er truga av utvanning og bymål. Vi meiner at i ei tid der ytre krafter kan virke splittande (t.d regionreform), er dialekta vår samlande og gir felleskap, den er ein viktig bærar av den felles historien vår og ei flott dialekt vi kan være stolte av.

I statuttane våre står det:

1. Dialektprisen er ei påskjøning frå Hadeland dialekt- og mållag til personar eller institusjonar som har gjort framifrå arbeid for hadelandsdialekta – anten ved sjølve å vera gode talskvinner eller talsmenn for dialektreisinga, eller gjennom opplysing og forståing for dialektbruk gjennom vitskapleg, kulturelt eller målpolitisk arbeid.

Vi samarbeider med medielinja på HVS, som vil reise rundt og gjere videointervjuer av kandidatane til prisen. Det er styret i mållaget som kårer vinnaren, og vi deler ut prisen på åpninga av Vinje-jubileet i Steinhuset 14.mars.

Vi oppmoder alle som har aktuelle kandidatar til å sende inn ein kort presentasjon og grunngjeving til så fort som råd og seinast 25. februar.

Dialektprisen for Hadeland er tidlegare gitt til:

2007 Bjørn Liaklev, Jaren

2008 Kari Ruud Flem, Jevnaker

2009 Gerd Nyland, Jaren

2010 Hans Næss, Gran

Lagra under:Nyhende Merka med:dialektprisen, Hadeland

Primary Sidebar

Medlemsfordel

Er du medlem i Noregs Mållag? Då kan du få billett til halv pris på alle arrangement der Hadeland dialekt- og mållag er arrangør!
Hugs berre å ta med gyldig medlemsbevis.

Er du ikkje medlem, kan du bli medlem på SMS: Send ordet nynorsk til 2490, og du vert medlem i Mållaget. 200 kroner vert då lagt til mobilrekninga.

Du kan også melde deg inn ved å fylle ut skjemaet på www.nm.no

Kommande hendingar

mar
11
mån
19:00 Årsmøte 2019 @ Harestua gamle skole
Årsmøte 2019 @ Harestua gamle skole
mar 11 @ 19:00 – 21:00
Innkalling til årsmøte i Hadeland dialekt- og mållag måndag 11. mars 2019 kl. 1900-2100 Harestua gamle skole, Hadelandsvegen 898, Harestua, innkøyringa like sør for ishockybanen. Kaffi og biteti. Sakliste 1. Godkjenning av innkalling og sakliste[...]
Syn kalenderen
Legg til
  • Legg til i Timely-kalender
  • Legg til i Google
  • Legg til i Outlook
  • Legg til i Apple kalender
  • Legg til i annan kalender
  • Eksportér til XML

Fjesboka

Footer

Ordbøker

  • Lexin-ordbøkene
  • Ordbøker: bokmål og nynorsk
  • Språkrådet si bokmål -> nynorsk ordliste

Om oss

Hadeland dialekt- og mållag
v/leiar Reidun Ramse Sørensen
Haugsbakklia 12
2770 JAREN

Telefon 922 98 745

© 2017 Hadeland dialekt- og mållag · Org. nr. 916 301 109

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Les meir her